fredag 6. april 2012

Langfredag

Torsdag kveld fekk vi besøk av Kari, Frode og dachsen, Frida, frå Asker. Dei har stor fin campingbil og hadde køyrt over Strynefjellet. I dag køyrde Svein oss i jeepen over Hundeidefjellet og ned i Hunvika, mange år sidan vi var ned der. Der er ein eigedom til sals som vi ville sjå på. Turen gjekk vidare tilbake over fjellet og ut langs fjorden til Torheim. Ein fin biltur på smale og bratte vegar. Nydeleg ver i dag, men litt kjøleg.

1 kommentar:

Elin sa...

Så fin tur! Eg og Audhild har vore til Traudalsvatnet, etter legebesøk om morgonen.