søndag 8. mai 2011

"Mai du milde" - Laurdag den 7.


I ettermiddag feira vi dagen til Stein Inge på verandaen i vakkert vårver. Koseleg kaffistund med gode kaker og kanelsnurrar. Då vi reiste heim att, tok vi ein tur bort på Hærmuseet og såg på det flotte skiltet som fotograf Lars Lunde og Plassens Venner har sett opp ved utescena. Det skal kome opp eit par stykker til. Mykje dugnadsarbeid denne tida i Malakoff. I Øyane har det vore hesteutstilling denne helga. Audny og jentene har vore med å jobba med matservering/kiosk der til inntekt for Eid Ride og Køyreklubb.

1 kommentar:

Besta sa...

Når pensjonistlaget skal på opera i oktober, har vi snakka om å få med oss litt meir frå Eid. Eg tenkte på Hærmuseet, har ikkje vore der sjølv, og veit ikkje kva som går for seg der og kva der er å sjå. Kva trur du? Har du ev. eit anna forslag?