onsdag 9. februar 2011

Onsdags-handel



Kjøpte tilbods-blomster på Coop Mega i dag, gule roser, greske sukkulenter (kaktus) og ein campanula (klokkeblomst). På roseomslaget stod det: "Disse rosene kommer fra AfriFlora, Etiopias største roseprodusent. AfriFlora sørger for gode lønns- og arbeidsvilkår for sine ansatte, og gratis helsetjenester og skolegang for barna deres. Roseproduksjonen bidrar til viktig velstandsutvikling i områder med stor fattigdom." Kjøpte også ein concealer (eit nytt ord eg har lært av Jan Thomas), den kosta mest! Såg på PC-kalendaren at det er askeonsdag i dag, trur derfor eg har gått glipp av fastelavenssøndag, bollemåndag og feitetysdag, eller tek eg feil? Komande søndag er vel morsdag, blir vel ei påminning i avisa, vil eg tru?

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg hadde fått for meg at det var feitetysdag i går, og inviterte "jentene" til graut komande laurdag. Men så kom eg i hug at det er sein påske i år, så vi er nok litt tidlig ute.Men om ein feirer før eller etter, er vel ikkje så viktig.Fastelavnsøndag er komande sundag etter kalenderen min. Same som Valentinsdagen som også gjer sitt inntok-og så er det morsdag, sjølvsagt.Men FASTA hoppar vi vel over i år også? Fine blomster du hadde kjøpt. Kjekt å pynte inne mens ein ventar på vår.

solveig sa...

Gode kjøp alt i hop. Slike blomster i koppar såg eg på førre helg, men då hadde eg kjøpt så mykje eit par dagar før.
Campunala kjøpte eg i fjor då vi hadde forfattarbesøk, den blomstra to gongar til ute, og no spørs det om den kjem igjen etter den kalde vinteren.

Hildegard sa...

Eg bomma med ein månad på askeonsdag, trur eg er byrja å bli surrete. Askeonsdag er vel innleiinga til fasta?

Elin sa...

Bollemåndag var nytt begrep, hehe,... trur påska er nesten maks sein i år. Kan aldri hugse at fastelavn har vore i mars før.