torsdag 24. juni 2010

Jonsok

I år var vi heldige med veret, så det var triveleg å vere i Os-fjøra og feire jonsok. Strikkefar hadde som vanleg gjort alt i stand til vi kom. Etter kvart som barnebarna veks til, er det vanskeleg å samle alle som i "gamle dagar", men vi er no ein bra flokk likevel. Vi sakna også gamlefolket på Os som er på besøk hos slekt på Aust- og Sørlandet. Viktor kosa seg og symde etter pinnar som dei yngste kasta til han. Også kjekt å vere inne naustet for dei minste.

2 kommentarer:

Besta sa...

Koselig å samlast ute. Nils og eg har ikkje vore med på jonsokfeiring på over 20 år. Vi har ikkje våre nær nok, og her er ingen offentlige arrangement.

arieldog sa...

Det såg koseleg ut! Utruleg deilig at vêret slo til akkurat på jonsokaftan.