fredag 30. oktober 2009

Strikketreff hjå Reidun

I går kveld var det strikketreff hjå Eid Miljø/Reidun Strand i Yrilada. Strikkemor og eg hadde sett av datoen for lenge sidan, og hadde ein koseleg kveld i lag med strikkeinteresserte damer.
Eg byrja på ei lue i "Frost" og vart dessutan freista til å kjøpe rundpinnar i tre, same som eg brukar til lester. Veldig godt å strikke med slike pinnar. Kjøpte også "Baby Silk" i rosa og lilla, det blir vel eit sjal, kanskje. Reidun har eit stort utvalg i garn etc. - og har mange gode råd, så det er vel verd å ta ein tur innom butikken hennar.

4 kommentarer:

Besta sa...

Bloggen din har ikkje "oppdatert seg" på sidelinja mi sidan Nostalgia, så det vart mykje å lese i dag.Du har vel sakna kommentarane mine? I første omgang vil eg berre rette litt på fødselsdagane.Rolf,broren til Nils, har fødselsdag 22.november! Men den broren som drukna i 17-årsalderen hadde samme dag som Eidabesten.Her har vi sola enno og det er deilig.

Besta sa...

Dette vart litt uklart ser eg. Leon, broren som drukna, vart fødd 25.oktober 1939.Rolf er fødd 22.november 1941.

Hildegard sa...

Takk for tilbakemelding, greitt å få retta opp misforståinga.
Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...

Bloggen din hadde ikkje "oppdatert" seg hos meg heller. Kjekt strikketreff hos Reidun, ja! BabySilk er berre eit herleg garn både å strikke med og i bruk, så lykke til med sjalet!