mandag 7. juli 2008

Varme sommar-dagar

Siste veka har vi hatt eit fantastisk ver, sol og varme, godt å sitje under markisa på verandaen og berre nyte det. I går snudde det litt, austavind og litt regn på kvelden, i dag er det lett skya og behageleg temperatur. No står rosene ved garasjeveggen i full blomst. Ser i butikkane at jordbæra kjem for fullt også - og til akseptabel pris. Strikkemor ferierar på andre veka i NY, LilleMø byrjar ferien i dag og lisjebroren byrjar på ferien midt i neste veke. Lappetausa hadde seg nokre fine dagar på hytta si på Heida, kombinert med besøk/bil-turar med vår kjære mor på Eldretunet. Eg ventar berre på at ho skal leggje inn på bloggen foto frå dei fine fjellturane ho har hatt der ute. Tykkjer ho er kjempetøff. Vi var nokre dagar på hytta vår i Brm, i helga har vi kosa oss heime, besøkt gutane på Os, fint og usjenert å bade i elva for dei som vil det.

2 kommentarer:

Besta sa...

Her har det vore oppe i + 32 grader,men med vifta på går det fint å ligge rett ut på altanen, lese og sole seg.Sola toler eg nesten altfor godt. Men eg ville no gjerne gjort noko anna om eg hadde kunna.....
Rasmus kom heim til Kongsberg og regnver i går, og i går kveld kom også Solveig tilbake. Margrete m.fam. svevar enno rundt borte i Sverige.
I dag er her framleis fint, men litt skya, så eg har fått gjort litt inne. Baka brød t.d.Vi har ingen planar så langt. Dei to største gutane på Hareid skal på Bruce Springsteen- konsert.

Besta sa...

Gløymde å fortelje at vi har ete oss stappmette på eigenproduserte jordbær i fleire dagar no. Bæra er små, men smakar godt.Men ingen ting har blitt sylta eller frose enno!