torsdag 12. juni 2008

Nostalgia

Den gamle kaffekverna til Amanda på kjøkkenet i 2. etg.

Den gamle sveivegrammofonen til Storm står på loftet.

På fleire bloggar har det vore snakk om å ta bilde av gamle gjenstandar, noko som kan vere fornuftig og interessant for ettertida. Elles bør ein vel også ta bilde av gjenstandar i heimen i samband med forsikring. Viss ein ikkje har bankboks, bør ein vel ha eit brannsikkert skåp for oppbevaring av slike bilder m.v. Litt av ein nedtur med veret denne veka, kaldt og utriveleg, får nytte høve å gjere litt innomhus - sola må vel kome igjen?

3 kommentarer:

Besta sa...

Den grammofonen hadde vi mykje glede og moro med heile barndommen og enda lenger. Ingen andre av dei eg kjende hadde grammofon. Plater var også mangelvare, men det hende at dei fekk noko nytt hos Faleide.Hugsar godt då pappa kom heim med Prøysen-plata Lillebrors vise/ Blåbærturen, og den sommaren eg låg i graset utanfor brakka vi budde i då, og spela Gamle Svarten om att og om att.......

solveig sa...

Artig å sjå att kaffikverna. Eg hugsa ikkje korleis ho såg ut, berre kvar ho hang då mormor budde ved sjukehuset.
Det er sikkert lurt å fotografere verdigjenstandar m.m. Men kanskje ikkje legge sølvtøyet, om ein skulle ha det, ut på nett.
Det var ein hytteeigar som hadde mist hytta si i brann. Den var full av antikvitetar. Bra lure, ville ein sagt her.
Dei fleste har nok gamle ting av affeksjonsverdi på hytta si, men verdifulle antikvitetar bør ein vel ha ein annan stad.

arieldog sa...

Minstemann her i huset er veldig glad i Lillebrors vise (naturleg nok) og "Blåbærturen" - og eg kan alle versa, tenk! Ein gong bad han meg synge "Lillebror Syversen", og eg skjøna ikkje kva han meinte. "Lillebror Syversen er så trist", var svaret.