mandag 17. mars 2008

Eid Miljø (i gamle skofabrikken i sentrum) v/Reidunn Strand er vel verd eit besøk. Vi er jamgamle, men ho er frå sør-sida av Eidsfjorden og eg frå nord-sida, så vi møttes først på Framhaldsskulen og seinare Realskulen. Etter at eg vart pensjonist, har eg tatt opp att hobbyen med strikking. Var innom butikken til Reidunn ein dag og vart freista av eit rimeleg og sterkt sokkegarn, Fagstrikk, kr 20,- pr. nyste. Reknar med at eg har arbeid ei stund framover; har ikkje same farta som Strikkemor. Flettekorga er arv frå bestemor til Svein i Innvik.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjempefint garn! Hilde

Elin sa...

Kjekt å lese på bloggen din! Og no er det vel lukt av nybakt i huset. Kjem det eit bilde?