På min kveldstur gjennom Malakoff møter eg no ein byggeplass som omfattar det meste av "Sandplassen" vest for hotellet.
Hildegard
tirsdag 22. august 2017
August 2017
August mnd er på hell - vestveggen er ferdig restaurert og varmepumpa er klar for vinteren.
mandag 17. juli 2017
Juli 2017
15. juli gifta barnebarnet vårt Ingrid Strøm Bergset seg med Trygve Leite i Eid Kyrkje. Fin og høgtideleg stund i kyrkja:
Bryllaupsfeiring på JUV gard ved Utvik:
Juni 2017
Helgatur på hytta i vakkert juniver og sol i havet.
Perlebryllaup for Hilde og Oddvar:
Kopiert frå Hilde si FB-side:
Journalist Kristi Marie Skrede måtte no begynne ein plass ho og😁. 27. juni 1987.
I hagen til Raftevold hotell, Hornindal.
Årets brudepar i Fjordabladet den sommaren.
Veggen er klar for bordkledning:
Mai 2017
"Mai du milde", men sein vår i år.
Restaurering av vestveggen på huset vårt starta i mai. Laurdagsjobbing på Hans med riving av snart 100 år gammal bordkledning, reparering rote treverk og utskifting av snart 50 år gamal isolasjon frå då Svein pussa opp innvendig.
søndag 16. juli 2017
April 2017
Laurdag 1. april:
Opning av det nye omsorgssenteret i Eid, "Hogatunet":
09.04 Palmesøndag
Tur til "Utsikten" vest for Vårsetra. Køyrde opp i Hogaåsen og opp til parkeringa ved renseanlegget.
Opning av det nye omsorgssenteret i Eid, "Hogatunet":
09.04 Palmesøndag
Tur til "Utsikten" vest for Vårsetra. Køyrde opp i Hogaåsen og opp til parkeringa ved renseanlegget.
Måndag 10.04 (påskeveka):
I dag har Viktor forlatt oss snart 13 år gammal. Han har hatt mange plager siste par åra, så no var det godt han fekk sleppe. Her er han i lag med matmor Audny i sine betre dagar.
Torsdag
13.04: Skjærtorsdag
Biltur
Åheim - til Nordal i Syvde og Dalsfjorden,
3-4 timar i bil, men ein kjekk tur. No
har eg fått eit inntrykk av dalen der oldefar Laurits Nordal (Bakken) vaks opp,
men veit ikkje sikkert kva gard han kom frå.
Dette må vi forske vidare på.
fredag 17. mars 2017
Utsikt frå Hogaåsen søndag 14. mars 2017
Hogaåsen er det nye boligbyggefeltet i Nordfjordeid. Det ligg aust om Myklebuståsen, og der er tilkomst med bil heilt opp til Vårsetra på nordsida av Eidsdalen. Byggefeltet er klargjort for 39 bustadtomter og eit flott leike-/fritids-område. Lett tilkomst til skog og fjell, eks. Fossane. Nedst i venstre hjørne ligg Fjordhestsenteret. Nybygget midt på bildet er det nye Omsorgssenteret i Eid kommune som er klart for innflytting 3. april 2017. Stor byggeaktivitet i sentrum også, med AMFI og stor bustadblokk i sjøkanten vest for amfiet.
fredag 13. januar 2017
Tjuande dag Jul
I dag er det Tjuande dag Jul - og då er det på tide at nisseparet i hagestova tek med seg juletreet sitt og flytter på loftet igjen. Det har vore ei våt og mørk juletid, så det har vore kjekt å ha ei lyslenke og nisseparet under tak i hagestova. Det går vel endå eit par mnd. før Besten og Dab-radioen flytter frå kjellaren og ut dit. Godt Nytt År!
tirsdag 22. november 2016
Ein spesiell laurdag
Frank Aarebrot:
Sist laurdag var Eid Pensjonistlag og Eid Folkeakademi arrangørar for foredrag av Frank Aarebrot i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule, "Gullkysten - regionreformen på Vestlandet". Han trekte linjene attende til høvding, handelsmann og oppdagar, Ottar frå Hålogaland, som vitja kong Alfred av Wessex på 800-talet (https://nbl.snl.no/Ottar). Vidare hadde han meiningar om at vi vestlendingane måtte bli flinkare til å utnytte/bearbeide ressursane våre sjølve no når oljen tek slutt, og viste til fleire eksempel. "Det er Oslo som har bruk for oss - ikkje VI som har bruk for Oslo", sa han. Han hadde litt meir tru på sunnmøringane. Eit morosamt, tankevekkande og lærerikt foredrag. Han snakka i ein og ein halv time utan manuskript og røkepause. Dessverre var der ikkje ein einaste kommune-politikar eller gründer i salen. Søndagen skulle han vere i Hornindal.
"En natt i oktober":
Då vi gjekk ut av Aulaen sat der to unge menn som vi kom i prat med. Kort fortalt viste det seg at den eine var Marius Løken. Han og ein kollega skulle halde foredrag om "Halloweendrapet" for elevar ved Folkehøgskulen. Ein veldig sympatisk ung mann. Det var kjekt å helse på han. Eg kjøpte boka hans, fekk spesialpris kr 300.-.

tirsdag 27. september 2016
September 2016
Triveleg besøk frå Skedsmo i veke 37. Ellen Marie hadde med ein vakker blomsteroppsats som står nesten like fin i dag. Vi hadde nokre kjekke dagar i lag med henne - og ho fekk friske opp att gamle minner frå då ho budde i Alleen/Nordfjordeid før familien flytta til Sørumsand. Vi var heldige med veret, sommartemperatur, og stor aktivitet for å få ferdig Sagaparken før opninga på Eidadagane.
Hausttur til Bergen i veke 38:
Det er tre år sidan vi var i Bergen, så det var kjekt med ein tur igjen. Vegen Førde-Vadheim var mykje forbetra og det var ein del vegarbeid og opprusting av tunellar sørom Sognefjorden. Det var vanskeleg med hotellrom nær Bygarasjen, så vi enda opp på Comfort hotel Holberg i Strandgata, eit rimeleg og enkelt hotell-tilbod som Stordalen driv. Vi møtte eidarar på frukosten - i tillegg til Team Ingebrigtsen. Kristoffer, som var med på turen til by'n, var i bryllaup til ein kamerat frå Eid som bur og jobbar i Bergen. Vi besøkte brødrene Magnus og Stig i leilegheita på Danmarksplass nær Solheimsviken. Der var kjøkken og bad nyoppussa, så det var blitt ei triveleg leilegheit. Magnus og eg gjekk tur i Solheimsviken der BMV tidlegare hadde si verksemd. No er området utbygd med nye kontorbygg, flotte leilegheiter og hovudkontoret til DNB. Det var kjekt med ein tur til Bergen igjen.
Bryggen i Bergen. Statsråd Lehmkuhl ved kai:
Zachariasbryggen:
Laksevågbrua i det fjerne - og litt nærare den nye gang-/sykkel-brua over Damsundet i Solheimsviken:
Stor utbygging av næringskontor, DNB hovudkontor og ei mengd med flotte leilegheiter i Solheimsviken:
fredag 24. juni 2016
JONSOK 2016
Det vart jonsokfeiring i år også, trass i litt bygevêr utpå kvelden. Oddvar stiller trufast opp kvart år og lagar til bål i Osvika og opnar naustet slik at vi kan sitje under tak viss det kjem ei byge. I år kom mange av dei som bur på nedre Os, så det var ein heil flokk med folk frå 0 - 88 år, ungar som kosa seg i fjæra og bikkjer i band. Minner meg litt om korleis vi hadde det i Torvika før i tida når folk kom frå Myrold og Hafsås og brende bål i lag med oss i strandkanten.
onsdag 15. juni 2016
Gratulerer Hilde Bjørg med 50 års-dagen!
Eit historisk foto frå dåpsdagen til Hilde 3. juli 1966. Ho var berre 18 dagar gammal, men kvikk og vaken i blikket. Onkel Rasmus og farmor Amanda var fadder.
torsdag 5. mai 2016
Ein fin dag på JUV
http://www.juv.no/index.htm
I dag har vi eidarane besøkt foreldra og besteforeldre til Trygve på JUV gard i Utvik. Ein vakker vårdag med omvisning i alle husa, tur i skog og mark og god mat. Vi var 18 til bords i triveleg selskap i Gamlestova. Svein, som endå slit med trasig hoste, var heime med Viktor. Trygve og Ingrid har vore forlova i 1 år og planlegg bryllaup til neste sommar. Takk for ein fin dag!
Abonner på:
Innlegg (Atom)