I morgon er det reise med hestane til Stall Schilbred ved Kristiansund for ei veke leiropphald. Audny har tatt lappen for hestehengar og skal køyre. Roger er medhjelpar og god støtte både for ryttarar og sjåfør. Dei skal reise i lag med ei venninne og faren hennar som også skal køyre hestehengar. Får håpe det går fint. Lukke til!
fredag 25. juni 2010
Storfint besøk i regnveret.
I morgon er det reise med hestane til Stall Schilbred ved Kristiansund for ei veke leiropphald. Audny har tatt lappen for hestehengar og skal køyre. Roger er medhjelpar og god støtte både for ryttarar og sjåfør. Dei skal reise i lag med ei venninne og faren hennar som også skal køyre hestehengar. Får håpe det går fint. Lukke til!
Gratulerer med bryllaupsdagen den 27. juni!

I dag har Hilde og Oddvar 23 års bryllaupsdag. Gratulerer med dagen!Begge døtrene våre gifta seg på prestekontoret i Prestegaren på N.eid. Fekk lyst å legge til foto av Audny og Roger som gifta seg i pinsa året etter. Dei bodde då på Ås og Kristoffer var berre 5 veker gamal.
Svein kommenterer bilda på sin måte:
På første bildet står brudeparet på gamletrappa, året etter er det ny trapp og rekkverk. Han sat ofte på den gamle trappa og prata med presten Løvold då dei bodde i paktarhuset i Prestegarden under krigen. Ottar, yngste sonen til presten, var fadder på han.
Olaug kan vel skrive meir om dette?
torsdag 24. juni 2010
Jonsok
mandag 21. juni 2010
SOMMAR
tirsdag 1. juni 2010


Sist søndag gjekk vi tur gjennom Malakoff på veg bort til Os. Området mellom Valhall og hotellet er no rydda opp og sådd plen. Fløyen til høgre på hotellet er ny. Selskapslokale/kurs- og konferanse-salar i 2. etg. (vi var der i konf. til Ingrid og Lars i fjor). Kjellaretg. er nettopp ferdig. Der er trimrom, massasjerom, symjebasseng, spa etc. + fint beplanta uteareale. Eg gløymde å ta bilde av "Sørgende mor". Det var så fint pynta ved statua med vakre blomar. Eit fint og nært turområde for oss som bur i flata.
mandag 31. mai 2010
45-års jubileum dåpsdagen til Audny
I dag er det 45 år sidan Audny vart døypt i Stårheim kyrkje. Det var ein stor dag for stårheimarane, for kyrkja vart opna igjen denne dagen etter eitt års innvendig restaurering.Då vi gifta oss i juni året før, var kyrkja i "gamal drakt". Meininga var at farmor Amanda skulle vere gudmor, men ho var så uheldig å bryte ein arm like før, så derfor vart mormor Astrid gudmor til første barnet vårt. Litt trist var det at ingen av Svein si familie var med i barnedåpen. Amanda var rekonvalesent på Raudeberg hjå Olaug. Ho hadde 2 små born å ta seg av, Solveig (knapt 2 år) og Rasmus (7 mnd). Dei hadde ikkje bil den gongen, så det var tungvint å reise. Då eg leita i eit gamalt album, fann eg dette bildet av 4 generasjonar på morssida. Artig å sjå kor stram oldemor Bella var, 75 år gamal. Oldefar levde også, han var 83 år og døde i febr. året etter, Bella levde til ho var 92. Momor Astrid var 45 år og eg var 20. Den tida var myndighetsalderen 21 år, så det var Svein som vart min "formyndar" i 2 år då vi gifta oss.
Bildet er tatt ute ved tuntreet i Torvika, der vi budde første året vi var gift. Vi flytta inn i andre etg. på Hildegard til besteforeldra til Svein på 20-årsdagen min, Audny var då 3 veker gamal. Det var stor stas å få eiga leilegheit med innlagt vatn og utslagsvask. Ja det var tider det!
søndag 23. mai 2010
1. Pinsedag
Golvsengane byggjefelt:
lørdag 22. mai 2010
"Vaktmeisteren" på hytta
På hytta er det stille og fredeleg, og våren og sommaren er finaste tida der ute, før knotten kjem og gjer det utriveleg viss det er vindstille. Ein høyrer berre lyden av bølgeskvulp, fuglekvitter og motordur frå ein og annan fiskebåt på sjøen. Når det gjeld dyrelivet, er det eit par bønder som har sauene på beite i området. Vi ser også ørner og oter. Tidlegare år beundra vi hjortane som beita i marka, men truleg er desse dyra no tatt av jegarar. Granskogen har vakse mykje desse 15 åra vi har hatt hytta, så der er gode gøymeplassar for hjort og andre dyr. Siste par åra er vi blitt merksame på ein røyskatt som fer og smett. No når vi har drive og beisa hytta, har vi nok uroa han meir enn vanleg. Iflg. internett, der eg har henta dette bildet, er røyskatten eit nyttedyr å rekne fordi han held sæterhus, hytter og kjellarar fri for mus og smågnagarar. Pelsen, som om vinteren er kvit, heiter hermelin. I gamle dagar vart den mykje brukt til kapper etc. for rikfolk og kongar.
mandag 17. mai 2010
"Vårens vakraste eventyr"
fredag 7. mai 2010
Bursdag og veteranbil vår-slepp 06. mai

mandag 3. mai 2010
Ridestemne på Mo 1. mai 2010
Ingrid er ei bestemt dame og får det ofte som ho vil.For fleire veker sidan spurde ho Besten om han ville køyre heste-hengar med Wendy ned til Mo jordbruksskule. Ho hadde lyst å vere med på ridestemne der nede for å få litt trening og erfaring. Ho har delteke på stemne i Breim ein gong før og fleire gonger her på N.eid. Besten sa sjølvsagt ja sjølv om dette var dagen før den store konfirmasjonen. Roger sa også ja til å vere hjelpesmann og i tillegg hadde ho med seg ei god venninne. Hestehengar fekk dei låne hjå Trond i Leivdalen, den var litt stor i og med det var ein dobbel-hengar. Dei reiste ikkje før i tolvtida for ho skulle ikkje i elden før seint på dag. Heim att var dei heldige og nådde den ferga som hadde med rutebuss, så det vart ikkje venting i tunnellen der det er kø-køyring om natta på grunn av sprengings-arbeid. Ho fekk ein respektabel sjetteplass, men tykte det var merkeleg at det berre var førdianarar som var føre henne og fleire herifrå var med på stemnet. Ja, fogderistriden har nok dessverre blussa opp igjen her i fylket på grunn av sjukehus-saka. Bildet er kopiert frå Facebook der ein kan lese meir om stemnet. Audhild, som går på Mo vgs, var også med på stemnet med lånt hest.
Konfirmasjon 2. mai 2010

I og med at middagen først var kl 14, møttes vi i Næringshagen der Roger jobbar, like ved hotellet, til ein kaffekopp og power-point presentasjon av konfirmantane frå dei var små til no. Dette var eit vellukka og samlande innslag i feiringa.
Middag og kaffi var på Nordfjord Hotell. Konfirmantane ønska alle velkommen, og under middagen var det songar og taler til kvar konfirmant. For meg som bestemor, var det nok talen til farmor (og oldemor) Signe på 82 år som gjorde størst inntrykk. Ho snakka m.a. om den gode kontakta som har vore i stor-familien og kor fint det har vore med alle syskjenborna som har vakse opp i lag.
Veret var også fint, sjølv om det endå er litt kjøleg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)