lørdag 12. desember 2009

"Nissane på Hildegard"

No er det nye nisseparet på plass i hagestova. Kjekt å ha ein uteplass med tak over for røykjarar og barne-/hunde-passarar denne årstida også. Måleriutstilling av Besten og Kristine på veggane.

fredag 11. desember 2009

Fredsprisen 2009


I går var det ein fantastisk dag med TV-overføring frå Nobel fredspris-utdelinga. I kveld er det nobelpris-konsert og Skavlan. Ikkje lett å konsentrere seg om juleførebuing i desse tider.
God helg!

mandag 30. november 2009

1. søndag i advent og lysmesse i kyrkja

I går kveld var det lysmesse i kyrkja. Konfirmantane deltok med lysbæring, tekstlesing og song. Som kjent har vi tre barnebarn som er konfirmantar til våren. Helene var med både i koret og tekstlesinga. Litt spesielt var det denne gongen med nattverd - der dei av konfirmantane som ville kunne delta - noko dei fleste gjorde. Stemningsfullt og fint.
Prest Kristin, som er ung og nyutdanna og konfirmantlærar Marius styrde det heile.
Laurdag var det tenning av julegrana, så no er vi i gang....
I dag er det slektsforskning og kjellarjobbing på besten og brødbaking på meg. Lette snøfnugg i lufta, så det blir vel lysare kveldar - så lenge det varer.
Den firearma lysestaken har Eidabesten laga for mange år sidan. Mor og far hadde han så lenge dei var på Smia. Denne gongen hadde eg berre kvite ubrukte lys, skal vel vere lilla?

lørdag 28. november 2009

Julekonsert i Operaen

Sist torsdag kveld var Besten og eg i Operaen og høyrde på Bettan og Rein. Stemningsfullt og vakkert, noko humor også. Ser at Sunnmørsposten har god dekning av konserten, truleg fordi både Bettan og Rein har tilknytning til Sunnmøre.

torsdag 26. november 2009

Thanksgiving Day

I dag feirar amerikanerane m/fl. Thanksgiving, ein årleg tradisjon sidan 1621 - den fjerde torsdagen i nov. Opprinnelsen til feiringa var at ei gruppe innvandrarar ville takke indianarane for at dei hadde hjelpt dei å overleve etter mykje strabaser og elendighet og laga til fest for dei. Ein kan bl.a. lese om dette på Wikipedia. Kalkun-middag er tradisjon denne dagen.
På TV i dag har Wenche laga "gubberøre", som er ein svensk sildesalat, og det har vore testa juleøl. Utruleg at vi skal feire første søndag i advent denne helga. Dagane er våte, korte og mørke, nesten slik at eg lengtar til våren alt no!
Men noko godt er det vel med mørketida også, Eidabesten er byrja å måle bilder igjen og han er i full gang med slektsforskninga - no på morssida. Elles mekkar han på den gamle veteran-motorsykkelen i kjellaren.
I dag er det "Open dag" på Eldretunet, der oldemor bur, så eg skal ein tur opp dit og ta lodd på alle dei fine heimelaga gevinstane. I kveld skal vi på julekonsert i Operaen med
Elisabeth Andreassen og Rein Alexander.

tirsdag 10. november 2009

"Et dukkehjem"

I går kveld var eg så heldig å bli invitert i teater i lag med ei venninne. Det var Riksteateret som gjesta Opera-huset med Et dukkehjem av Henrik Ibsen. Stykket er modernisert ein god del frå det eg tidlegare har sett på fjernsyns-teateret. Bildet viser Nora (Ulrikke Hansen Døvigen) som dansar tarantella i ei dramatisk sene på slutten av stykket. Der var mykje folk i operaen og mange elevar frå vidaregåande - som sikkert fekk seg ei fin oppdatering i norsk-pensumet. Gripande teater og koseleg kveld.

fredag 30. oktober 2009

Strikketreff hjå Reidun

I går kveld var det strikketreff hjå Eid Miljø/Reidun Strand i Yrilada. Strikkemor og eg hadde sett av datoen for lenge sidan, og hadde ein koseleg kveld i lag med strikkeinteresserte damer.
Eg byrja på ei lue i "Frost" og vart dessutan freista til å kjøpe rundpinnar i tre, same som eg brukar til lester. Veldig godt å strikke med slike pinnar. Kjøpte også "Baby Silk" i rosa og lilla, det blir vel eit sjal, kanskje. Reidun har eit stort utvalg i garn etc. - og har mange gode råd, så det er vel verd å ta ein tur innom butikken hennar.

tirsdag 27. oktober 2009

Bursdagar i oktober.

I oktober er det mange i familien som fyller år:
Den 25. okt. vart onkel Peder Aadland 94 år og eldst i familien, og Eidabesten vart 68 år.
Meiner også at Rolf, bror til Ørstabesten, har bursdag denne dagen og er like gamal som Eidabesten.
Den 26. okt. vart bror Rasmus 66 år - og nevø Rasmus på Kongsberg 45 år.
I dag, den 27. okt. er det barnebarn Bjørnar som feira 14 års dagen sin. Koseleg kaffeselskap på Os som vanleg i kveld.
Anne Grethe og Astrid (syster og mor til Margunn) har også bursdag i okt., likeeins nevø Svein Kåre som bur i Oslo, 36 år. Gratulerer alle saman!

fredag 23. oktober 2009

Seinhaust i Kalvåg


Denne veka var det gode vermeldingar, så vi tok turen ut i Kalvåg og til hytta for å stenge for vinteren. Vi har nettopp "mista" sola, så det var ei stor oppleving å kome ut til kysten. Der var det reine sommaren og vi angra nesten på at dette skulle vere siste turen for i år. Mørkret kom tidleg, men med klart ver og berre ei fyrlykt som lyser opp, var det eit fantastisk skue å sjå stjernehimmelen over hav og land. Besten rydda tre og busker som stengde for utsikten ut i havet. Grantreet var fint då det var mindre, men no hadde det tapt seg, så det måtte til pers. Same vegen gjekk det med eit par rogntre.
Det er lagt ut eit stort hyttefelt på Gildreneset. Der er dei no nesten ferdige med vegen som startar i nærleiken av vegen til fergeleiet på Smørhamn og snor seg over fjellkammen og ned til sjøen på nordsida. Dette er eit solrikt og flott hyttefelt der mange frå innfjorden alt har bygd seg hytter. Roleg og fredeleg i Kalvåg no, stor skilnad frå sommartida då det er fullt med turistar som skal fiske og nyte vakker natur.

mandag 19. oktober 2009

Operatid

Første halvdel av oktober er det operatid i Eid. Billettane til første opera i nytt operabygg, Carmen av Georges Bizet, var utseld tidleg. 7 - 8 fulle hus, publikum frå fjern og nær.
Vi var der sist torsdag og det var ei stor oppleving. Mange lokale songarar og barnekor deltok, veldig artig. Stort lokalt engasjement med dugnad i alle ledd.

mandag 28. september 2009

Nostalgia


Dette er ein konkurranse.
Kor tid er bilde 1 og 2 frå ca.? Kven ser vi på bilda? Kor henne er dei tatt?

lørdag 26. september 2009

Gratulerer Lappetausa som mormor!

Torsdag 24. Sept. 2009 kom ein fin gut til verda. Gratulerer foreldre og besteforeldre så mykje!

tirsdag 15. september 2009

Konfirmant-jubileeum

Stårheim kyrkje
Konfirmantar 1959

Sist søndag feira vi som var konfirmantar for 50 år sidan, jubileum i lag med 51-, 60- og 61-åringane i Stårheim kyrkje. Feiringa starta med gudstjeneste kl 11 og fotografering i kyrkja, middag/kaffi/kaker i Samlingsheimen. Det vart ein lang og opplevelsesrik dag. Artig er det også at barnebarnet mitt, Ingrid, var konfirmant i år.

mandag 14. september 2009

Gratulerer med valdagen!

Ja no er det gjort, Besten og eg har vore på Rådhuset og stemt både på stortingsvalet og kyrkjevalet. Oddvar er formann i røystestyret ved stv. og han var på plass. Vi er heldige som bor i eit demokratisk land. Besten har det travelt, skal hjelpe ein pensjonistvenn med motoren i båten hans. Alltid nokon som treng hjelp. Eg er funksjonær ved kyrkjevalet, og har vakt frå kl 17.00.

torsdag 3. september 2009

Bursdagar i september


Bilda er frå turar i Stigedalen(Movatnet) og Kalvåg (Gildreneset) i år.
I dag fyller nest yngste (og tiande) barnebarnet vårt 9 år. Gratulerer med dagen Kristine!
Ho er ei sporty og festeleg jente som "held liv" i besteforeldra og familien forøvrig!
Dagen skal feirast med pysjamas-selskap etter skulen i dag. Familiebesøk blir det vel i helga. Dagen må ho dele med niesa mi, Anna Pernille (38) og tidlegare gode kollega Liv Janne (51). Når eg ser igjennom fødselsdagsboka som eg har hatt i mange år, er det fleire slektningar som har bursdag i september. Eg kan nemne farfar Rasmus i Torvika den 1., tvillingsystrene hans, Astrid og Inga den 2. (dei var 14 syskjen som levde opp). Morfar Peder i Remmedalen den 28. Det blir alltid litt mimring når nokon fyller år - det blir berre verre med åra.

lørdag 29. august 2009

Recital (konsert) med Denyce Graves

I kveld skeia vi ut og gjekk på konsert i operaen og høyrde på mezzosopranene Denyce Graves frå USA. Dyre billettar, men greitt å støtte opp om operaen når dei får ei så fantastisk songarinne til vesle Nordfjordeid.
Har tidlegare lytta til henne på Youtube der ho bl.a. syng frå Carmen og "Lord's Prayer" i presidentbegravelsar i USA.

torsdag 27. august 2009

Hausttur til Bergen

To dagers tur til Bergen, mange år sidan sist, for Besten ca 20. Stein skulle nedover med TV til studenten og vi hengde oss på. Vanskeleg med hotell, men fekk oss eit dyrt og fint rom på hotell Norge, Stein overnatta på hybelen til Stig. Bergen er utan tvil ein fin by, sjølvsagt best når veret er bra, fint på onsdag. Mange turistar, studentar og folk på møter og konferansar. Bildet er frå "Den blå steinen" ved hotellet - ein skulptur som eg først trudde var nokre steinar som var flytta på i samband med kommunalt arbeid! Visst nok ein møtestad for studentar. På heimvegen var vi innom IKEA og Biltema i Åsane - så det var full uttelling. Seine kvelden før vi var heime.

mandag 24. august 2009

Søndagstur til Movatnet

I går skeia vi ut og betalte 30 kroner for å køyre inn til Movatnet. Hensikten med turen var å ta naturbilder som Besten seinare kan lage måleri av i mørke vinterkveldar. Fint å parkere bilen og eventuelt gå tur for dei som ikkje klarer å gå heile vegen til Movatnet og attende. Mykje hyttefolk og turgåarar denne helga. Kanskje på grunn av at det er barsok. (Mange har den skikken at dei reiser på sætra og kokar klubb (ball) barsokafta). Til vanleg brukar vi å parkere ved riksvegen og gå inn til Sagesætra, det er ein høveleg trimtur. Besten likar godt denne turen - og då mimrar han om den tida han og faren var på fisketurar innover dalen - før vegen og kraftlina kom. Av og til bodde dei i Moenhytta ved Bakkesætervatnet. Bildet er tatt frå sætra ved Langevatnet. Det er bygd mange hytter ved dette vatnet no.
I dag er det barsokedag og det er visst nok første vinterdagen?!

fredag 21. august 2009

Gratulerer Helene, Stig og Ole med bursdagar i august

Nostalgia-bilde, frå 1997? Her er 9 av barnebarna våre + 2 tantebarn, truleg frå ei bursdagsfeiring m/bading i elva på Os (kanskje OK sin bursdag?). Dei to minste barnebarna var ikkje fødde då, men dei har eg blogga fleire gonger tidlegare.

I august mnd. har 3 av barnebarna våre bursdag, Ole Kristian den 7., Stig André den 16. og Helene den 21. (altså i dag).
Ole feira 21 års dagen sin heime på Os, han skal pendle til Volda dette studieåret og ta årsstudium i norsk og offentleg rett.
Stig sin 19 årsdag vart ikkje feira med familieselskap i og med at han då var flytta til Bergen. Han studerer språk og kommunikasjon ved universitetet.
Hestejenta Helene er konfirmant til våren. Ho og fleire i fam. har influensa, så der også må ein utsetje feiringa.

tirsdag 11. august 2009



I dag vakna vi til skodde og regnvér, men det kom seg utover dagen. Rosebuskene held på med 2. blomstring, dei har fått lite stell i år, men ser ut til å klare seg bra likevel. Kristine, Ingrid, Øyvind og Viktor har vore her på besøk. Vi måtte finne på eit kvart, og då vart det sjokoladekake-baking, torskemiddag, joikakaker og puslespel med 500 bitar. Besten og Viktor var ute i hagen og jobba med hagestova som no er ferdig. Kjekt med eit utetak no når det haustast. I morgon startar 3 dg. fotballskule for K, noko ho gled seg til. Ingrid er vikar i skobutikken, så ho er opptatt nokre dagar i veka med det. Helene steller i huset, litt ekstrajobbing i dag for dei fekk levert ny komfyr, noko dei verkeleg trengde. LM bloggar vel litt om den. Hestane er framleis på utebeite, så dei klarer seg sjølve, men dei har seg ein ridetur for dag. Henning er byrja i bh. igjen, så no er det snart tilbake i gamalt gjenge igjen.

lørdag 8. august 2009

Frå Mø til Mor


Ja slik kan det gå, det var Besta som fekk jakka, fargen passa visst best for ei gråhåra mor. LilleMø og Viktor kom på besøk i dag med overraskinga. Kristine er ivrig fotograf og eg let det stå til! I dag reiste Stig med flyttelass til Bergen, veslesysta ville ikkje vere med, så då vart det endå eit par overnattingar hjå besta og besten! Det har vore ein livat sommar på Hildegard i år.
Litt vemodig no når Kris blir i Ålesund og Stig (og Renate) i Bergen, men det er livets gang - ein får glede seg med dei unge som har lyst å ta utdanning.

torsdag 6. august 2009

Kanelsnurrar til Ole



I går lokka Kristine meg på Europris for å kjøpe bakematte - og i dag måtte den prøvast. Ho fann oppskrift på nettet - og så var det berre å setje i gang. Besten og Hans for på sjøen, Henning kom her for at mor og far skulle få seg ein tur på Os-sætra etter middag. Føre middag var Ingrid og Viktor her ein tur, kjekt å ha barnebarna så nær. I morgon er Ole 21 år (før var det myndighetsdag) og då blir det vel ei lita samling, vil eg tru.

søndag 2. august 2009

Sæterliv




I dag besøkte vi Lappetausa m/fam på hytta deira på Heida. Vi damene gjekk tur langt opp i Havsåsbotnen og såg på utsikta. Kan sjå i fjorden og Sørland derifrå. Mange kyr på sommarferie på sætra + sauer og hestar. Kyrne var litt bryske når Tinka-voven yppa seg, men Audhild ordna opp, så vi kom velberga forbi flokken. Artig for Audhild og Kristine å snakke med dei flotte hestane på sætervollen. Selet på bilda er der oldemor Astrid var sæterjente då ho var ung. Det kvista treet står ved eit bustadhus i Remmedalen. Det vart kløyvd og kvista av lynet for nokre veker sidan.

lørdag 1. august 2009

Malakoff og Norway Cup



Ein aktiv og til dels travel juli mnd i storfamilien. Fleire av dei unge var engasjert i Malakoff Rock Festival - enten med dugnad eller som publikum. Denne veka var det Norway Cup der vi hadde eit barnebarn på 16 år som deltok. Stort tosiders foto i Fjordabladet, så eg fekk ikkje med alle på det scanna bildet, men Øyvind S og Lars K er der i lag med to kjendisar, John Ertzgaard og Andreas Thorkildsen. Kristine, som var heime med besten og besta, fekk trenings-ball frå NC turneringa av mor og far som også tok seg ein Oslo-tur.
I dag har det vore fint vér, så vi tok oss ein tur i Stigedalen. Stor aktivitet der også, folk på mange av hyttene, mange bilar på vegen - i tillegg til kyr og sauer. Vi gjekk inn til Sage-sætra, der det er ein fin benk å kvile seg på før heimturen!

søndag 19. juli 2009

I ly for sol og regn m.m.

Nesten ferdig prosjekt.

Eitt av Besten sine motto er at "når ein bur på Vestlandet, må ein ha mange tak ein kan opphalde seg under"! I garasjen er det mørkt og trist sommars dag, så nyaste prosjektet er uteplassen i hagen som han no har lagt lysplater over. Lampettar er montert tidlegare, så no manglar berre radioen og eit par måleri på veggen! I og med at vi ofte har besøk av hunden, Viktor, som likar best å vere ute, er det fint å ha eit tett tak å opphalde seg under. No kan barne-/ hunde-passarar og røykjarar sitje trygt og godt, sjølv om det regnar ein skvett. Solid og godt byggverk, står trygt om det blir nokre vindkuler også. Tidlegare har vi slite ut eit par party-telt på grunn av vind og regn. Hekkane er nyklypte med god hjelp av HP, så no er det litt måling og vøling på huset som står for tur.
Framleis god sommar til slekt og venner, tek gjerne imot besøk!

tirsdag 14. juli 2009

Krim og jus

Soul-songarinna, Jill Scott, spelar hovudrolla i Damenes Nr. 1 Detektivbyrå som er filmatisert og p.t. blir send som serie på Canal+. Fin filming frå Afrika, koseleg og underhaldande.

Alexander McCall Smith har skrive bøkene om Damenes..... Les om han på Wikipedia.

Grisham er ein av mine yndlingsforfattarar. Mange av bøkene hans er filma. Denne boka er knallgod og bør lesast av alle som er interessert i jus. Ei utruleg historie.

Merkedagar

Rolege dagar på Hildegard. Vi held oss heime og ser til dei i familien som ikkje er på ferie. I går passa vi hunden til LilleMø då dei hadde seg ein dagstur. Fam Stein var på heimreise i går på sin 18-års-bryllaupsdag, heime utpå natta. I dag var bursdagen til farmor Amanda - og dåpsdagen til Ariel - og Frankrike feirar sin nasjonaldag i dag. Legg inn foto av eit måleri som viser storminga av Bastillen. Historikarane i fam har vel noko å tilføye her. Kven er kunstnaren?

tirsdag 7. juli 2009

Bursdagar m.m. i juli

I dag gratulerer vi Audhild med bursdagen hennar. Samtidig gratulerer vi på forskot Jostein den 10. og Sunniva den 20. juli. Elin og Jostein sin 27 års bryllaupsdag den 17. skal vel også feirast. Det blir mykje kake på Grov denne månaden, vil eg tru!

tirsdag 30. juni 2009

Sommarnatt ved havet


Utsikt frå hytta.

Langhelg på hytta ved havet. Laurdag hadde vi 45 års bryllaupsdag, feira den stille og roleg med god mat og drikke. Sola gjekk i havet kl 23.35 - alltid eit vakkert syn. Vakker solnedgang i går kveld også - etter torevér, lyn og regn.

onsdag 24. juni 2009

Jonsokafta

Koseleg feiring ved naustet til svigerson Oddvar. Både gamle og unge var med, totalt 21 personar. Grilling, bål, fisking, leik og koseleg prat, vi var av dei siste som gjekk, heime att ved midnatt. Vakkert vér og vindstille ut på kvelden.

lørdag 20. juni 2009

Gratulerer Lappetausa!

Gratulerer veslesysta med dagen i går! Etter at eg byrja å scanne gamle bilder frå albuma til mor, er det blitt mykje mimring. Stor dag då vi fekk ei veslesyste (attepåklatt) i 1955. Vi var storesystrer og barnejenter på 8 og 10 år og storebror på 12 - til og med på pappa sin 37 års-dag! På bildet er du vel 2 - 3 år. Du har på deg strikkakjole og strikkajakke - kanskje tante Bergljot som hadde strikka?