mandag 24. august 2009

Søndagstur til Movatnet

I går skeia vi ut og betalte 30 kroner for å køyre inn til Movatnet. Hensikten med turen var å ta naturbilder som Besten seinare kan lage måleri av i mørke vinterkveldar. Fint å parkere bilen og eventuelt gå tur for dei som ikkje klarer å gå heile vegen til Movatnet og attende. Mykje hyttefolk og turgåarar denne helga. Kanskje på grunn av at det er barsok. (Mange har den skikken at dei reiser på sætra og kokar klubb (ball) barsokafta). Til vanleg brukar vi å parkere ved riksvegen og gå inn til Sagesætra, det er ein høveleg trimtur. Besten likar godt denne turen - og då mimrar han om den tida han og faren var på fisketurar innover dalen - før vegen og kraftlina kom. Av og til bodde dei i Moenhytta ved Bakkesætervatnet. Bildet er tatt frå sætra ved Langevatnet. Det er bygd mange hytter ved dette vatnet no.
I dag er det barsokedag og det er visst nok første vinterdagen?!

3 kommentarer:

ariel sa...

Det er så fint innover mot Movatnet, men den kraftlinja er skjemmande.

Besta sa...

Kjempefint å gå slike "lette" turar også.Vi "ferierte" mykje på Bakkesetra då vi var heilt små også, og S.og eg bada i vatnet.Så langt som til Sagesetra var eg ikkje før eg var vaksen.
I gamle dagar gjekk vi frå Tua og så rodde vi Bakkesetervatnet, men der var også sti der som no er veg.
Eg har sjekka boka mi. Barsok er første haustdagen, 14.oktober er første vinterdag.

Hildegard sa...

Takk for opplysninga, Besta, sjølvsagt første haustdagen, svoger Svein har bursdag då -første vinterdagen den 14.10 er bursdagen til ei gamal skulevenninne. Vi skal forresten feire 50 års konfirmantjubileum snart.
Eidabesta