torsdag 25. juni 2015

Juni


Elin har feira 60 årsdagen sin sist helg.  Her er ho som småjente i Torvika.  Blid jente.


I og med at ho var "attepåklatt",  8 - 10 - 12 år yngre enn syskjena sine, fekk ho etter kvart god trening i å passe nieser og nevøer.  Her er det Audny ho er på trilletur med på Torvik-tunet.


Sist søndag, etter feiringa av Elin, reiste Svein og eg på hytta ved havet.  Lenge sidan sist på grunn av dårleg og kaldt vêr, feiring av min 70 årsdag og Kristine sin konfirmasjon.  Det har også vore ein aktiv vår i Pensjonistlaget.  Ikkje alltid lett å få "fridagane" til å passe med dei få finevêrsdagane vi har hatt i vår.  Siste hending var at dei som skulle restaurere pipa i/på huset vårt endeleg kom.  Dei hadde ein storjobb i 2 dagar i forrige veke.


Utsikt frå "Sjåberget" til fyret og Olderveggen.  Sauene beiter mellom svaberga.


Handletur til Kalvåg og avstikkar til den vesle bygda, Liset,  som ligg i sørvest på øya.  Stort moderne hyttefelt  der ute mot sør.  Vêrhardt, men fantastisk utsikt frå hytter i millionklasse.


Vakker solnedgang, utsikt frå hytta den 21. juni kl 23.30.  Tatt med doroen.


tirsdag 16. juni 2015

Rehabilitering skorstein


Firmaet Sentronik A/S, som har tatt jobben med skorsteinen kom i dag.  To spreke karar har montert "syrefast keramisk rør" frå kjellar til tak i den snart 100 år gamle skorsteinen.  Dei skal bruke 2 dagar på heile jobben inkl. montering av 3 omnar, 2 sotluker, ny pipehatt m.m.  

Pensjonisttreff på Stårheim 15. juni




Eid Pensjonistlag heldt pensjonisttreff i forsamlingshuset Fram på Stårheim.  Vi vil prøve å skape litt interesse for laget ut i bygdene.  Det var eit informasjonsmøte om pensjonistlaget med litt  underhalding av visemakar Freddy, konf.  - www.visemakeriet.no -.  Vi serverte kaffi, rundstykker og sjokoladekake.  Ein triveleg og vellukka ettermiddag i lag med pensjonistane.      
"FRAM" er opprinneleg eit ungdomshus som har eksistert så lenge eg kan hugse.  Bygda har jobba med restaurering og påbygg av huset i fleire periodar.  No er det lagt ned ein stor dugnadsinnsats, og bygget har stor sal med scene, toilett m.v. i 1. etg. og kjøkken og to salar i 2. etg.  Det var bibliotekfilial i 2. etg.  i mange år i tilknytning til barneskulen, men biblioteket er no slått i lag med Eid bibliotek i Operahuset.