fredag 27. juni 2008

Bryllupsdager


Gratulerer Strikkemor og far med 21 års bryllupsdag!
Eidabesta og besten feirar 44 år same dagen.

torsdag 26. juni 2008

Hyttetur

Iflg. yr.no skulle det vere fint ver på Nesje ty/ons denne veka. Vi tok derfor turen i lag med Kristine (Ho har trua med både det eine og det andre viss ho ikkje fekk vere med på neste tur).
Trivelege to dagar på hennar premisser, så det vart ikkje strikking og lesing denne gongen.
Foto av henne og besten seint tysdag kveld, lys og fin kveld med vakker solnedgang ca. 23.30. Ho var med han opp til vasstønna i elve-skaret for å sjekke vassledninga. Litt blåbærplukking vart det også på turen.

fredag 20. juni 2008

Gratulerer Margrete!

"Endeleg over førti", heiter det - og eg føler at det er noko sant i dette - utan at eg skal gå i detaljar! Besta oppfordrar oss til å leite fram gamle familiebilder, eg tykte dette bildet karakteriserer litt av tida på 60/70-talet - de seks var nok meir enn "vanlege" syskjenborn. Amanda knytte dykk saman med besøk og brev og vi hadde det triveleg i lag. Ei lita familie vart på få år ein god del større, og ho sette stor pris på å få så mange barnebarn. Ja, dette var no berre litt mimring, vi får ta det igjen seinare. Kos deg på dagen! Helsing frå oss to på Hildegard

torsdag 19. juni 2008

Gratulerer Elin!

Eg vil gratulere lisjesysta mi med dagen! Ho og far hadde bursdag på same dag - hugsar at det var eit storhende - eg var då 10 år. Han hadde blitt 90 år i dag. Familiebildet er frå 1961 i anledning av at storebror skulle reise til USA for å besøkje slekt og vere borte heile sommaren. Det vart med andre ord ein travel sommar for oss som var heime og skulle hjelpe til i slåtten.

mandag 16. juni 2008

Sagesetra

Sagesetra

Etter ei regntung veke, barnepass i helga og koseleg bursdag på Os i går kveld, tok vi oss ein tidleg morgontur i fineveret i dag. Køyrde opp på Tua og gjekk innover Fladalen (Stigedalen). Fin grusa trimveg innover, nydeleg natur og vakker fuglesong (Trur det må vere skjorene som tek knekken på småfuglane i villa-stroka). I dag er det avslutning m/grilling på barneskulen. Til hausten har vi 5 barnebarn i ungdomsskulen og berre veslejenta på barneskulen. Kor tida går!

søndag 15. juni 2008

Gratulerer!

Utsikt frå hytta til Lappetausa


Gratulerer Strikkemor med dagen i dag og Lappetausa med dagen på torsdag!

I dag har vi passa vesleguten slik at bursdagsbarnet fekk seg ein fjelltur i fred og ro.
Trur at Strikkefar har vore heime og rydda og stelt til bursdagsparty i kveldinga.
Vi og veslegut har besøkt Lappetausa på hytta i dag. Fin biltur til Heida - nydeleg utsikt
mot Gjegnen og Skjæringane. Eidabesta og Besten

torsdag 12. juni 2008

Nostalgia

Den gamle kaffekverna til Amanda på kjøkkenet i 2. etg.

Den gamle sveivegrammofonen til Storm står på loftet.

På fleire bloggar har det vore snakk om å ta bilde av gamle gjenstandar, noko som kan vere fornuftig og interessant for ettertida. Elles bør ein vel også ta bilde av gjenstandar i heimen i samband med forsikring. Viss ein ikkje har bankboks, bør ein vel ha eit brannsikkert skåp for oppbevaring av slike bilder m.v. Litt av ein nedtur med veret denne veka, kaldt og utriveleg, får nytte høve å gjere litt innomhus - sola må vel kome igjen?

søndag 1. juni 2008

Sommar

Verandakasser med stemorsblomster og blomkarse (tips frå Olaug).

Rododendrobusk som endeleg ser ut til å ville vekse og utvikle seg.
Vårblomar etter bestemor Hilda. Nokon som veit kva dei heiter? Hadde også valmuer, men dei har dessverre ikkje kome igjen siste åra.

Etter nokre dagar med god temperatur og sol, vakna vi i dag til ein grå, regntung morgon. Trøysta er at det skal bli betre på ettermiddagen. Eg tok meg ein liten morgontur i hagen med fotoapparatet. Beklager kvaliteten på bilda. Fotballturnering på Hauane i dag for Kristine. Magnus og Bjørnar er på fotballtur med laget sitt til Sogndal m/overnatting. Heimekamp på Fosshaugane i dag - der dei visstnok skal få vere ballgutar! I går var det veteran-dag på Hildegard - både gamle-jeepen og Vauxhallen til Eidabesten var på jomfrutur for sesongen. Besten køyrde Vauxhallen ein tur opp i Stigedalen og S.I. køyrde veteran-jeepen til Os-vika, Plassen, Golvsengane m.v. Dei to minste fekk vere med på noko av moroa.