torsdag 24. desember 2015

GOD JUL!



I år feira vi julekvelden hjå Hilde og Oddvar på Os i lag med besteforeldra på garden, Signe og Kåre, den "yngre garde" Ole Kristian, Hans Petter og Henning, hunden Max og katten til HP, Kornelius. Bjørnar var på Flatraket i lag med kjærasten, Rebekka, og familien hennar.  Det var ein triveleg kveld med god mat og mange julepakkar.  Ønskjer alle ei fortsatt god jul!

tirsdag 1. desember 2015

Julebord i Hornindal


Slik såg det ut på rasstaden fredag/laurdag iflg. Fjordabladet:


Laurdag kveld var det planlagt julebord for Eid Pensjonistlag og Seniornett på Raftevold Hotell. Etter mykje regn og vind hadde det gått jordras i Skredestranda, og det var lenge usikkert om vi kunne køyre den vegen eller om vi måtte køyre om Kviven.  Bussen skulle gå frå Nordfjordeid kl 18 og vegen vart opna igjen kl 17, så vi hadde marginane med oss.  Det var ein triveleg kveld med god mat og fin musikk.  Der var mykje gjestar, mange frå Sunnmørssida.

Søndag 22. november - "Jul - der ingen skulle tru at nokon kunne bu":


Eid Pensjonistlag og Eid Folkeakademi hadde besøk av Oddgeir Bruaset på Eid Kyrkjetun søndag 22. nov kl 16.  Det var eit vellukka arrangement med full sal og eit interessant kåseri av Bruaset.  Enkel servering med kaffi og heimelaga kveitebrød som kyrkjetun-ringen hadde ansvaret for.