søndag 29. august 2010

Søndagstur



I dag hadde vi oss ein fin tur til ytre Njf. Hadde kaffipause på rasteplassen nord for Flatraket. Nydeleg utsikt ut i havet mot Skongenes fyr, Silda og Stadlandet. Selje ligg gøymd inne i bukta til høgre. I sør såg vi Flatraket og garden Gangeskar, like før tunnellen til Sørpoll og Almenningsfjellet. Siste bildet er av denne garden, der Svein trur at ein av forfedrene hans på morssida, Isak Larsson Gangeschaar, kom frå. Han var jektestyrmann og gifta seg i 1827 med Mari Jacobsdatter frå Nedre Røberg på Blakset i Innvik kommune, og busette seg der. Sonen, Mattis Isaksson busette seg på Skåden i Innvik.

lørdag 28. august 2010

Så godt som ferdig.

Ja no kan vi vel seie oss ferdige med restaureringa av badet - etter 4 mnd. rot. Besten monterte ny persienne og gardinstang i dag, så vi kan dusje usjenert. Artig at vi kunne ha gjenbruk av innredninga - Solveig har tidlegare kommentert dei grøne (oliven) vaskane som ho hugsa. Stor stas for jentene våre då badet stod ferdig på slutten av 70-talet. Badekaret i same farge måtte vekk for å gjere plass til klevaskeavdelinga.

søndag 22. august 2010

Regntung søndag

f Stor overgang frå 24 varmegrader siste dagane til 14 i dag. Lurte på å fyre i omnen, men så fekk vi kaffi-invitasjon frå Hilde til hytta i Jektehola. Oddvar fungerar som ein av "vaktmeisterane" i området for Plassens Venner. Han hadde fyrt i grua, så det var varmt og godt. Der er mura ein bakaromn ved sida av den store grua som dei steiker brød i. Ute er det murt grillar og laga koseleg til. Området er mykje brukt i sommarhalvåret. Om våren er det basar i Valhall til inntekt for Plassens Venner.

torsdag 19. august 2010

Litt av kvart

Kopi frå framsida i Fj.bl. Henning nr. 3 bak frå høgre.


Kristine besøkte hvalpen Mira 1 mnd gml. i Oslo.

Hybelanlegget i Volda der OK skal bu dette skuleåret.

Mykje har skjedd siste 14 dg. Stig er reist til nytt studieår i Bergen (2dre) og Kristine har besøkt hvalpen sin i Oslo, skal hente Mira i veke 36.
Vi besteforeldra hadde ein fin tur med flyttelass til Ole og Kris til Volda og Ålesund på tysdag.
Ole skal til med 3dje studieåret v/DH i V og Kris 2dre v/Ing.h.sk. i Ål.
Yngste barnebarnet, Henning, byrjar i første klasse i år.

lørdag 14. august 2010

Laurdagstur


I dag var det så fint vér at vi tok oss ein tur og besøkte Elin, Jostein, Audhild og Tinka på hytta på Heida. Nydeleg utsikt mot Gjegnen, dalen og ned mot fjorden. Eg hadde ikkje med kameraet, så dette er mobil-bilder frå ein velbrukt mobiltlf. som snart må utskiftast. Takk for ei koseleg kaffistund. På heimturen var vi nedom Sjøsætra. Både kyr, sauer og hestar på beite i marka. Vi køyrde utover Stårheimsmyrane og såg at Asle R og Lene er komne langt med huset sitt. Ein liten tur innom kyrkjegarden vart det også før vi snudde nasen heimover. Då vi kom heim var det plenklipping i mange hagar, så besten tok seg like godt ein runde med plenklipparen, kjekt å få slå når graset er tørt.

mandag 9. august 2010

Helgatur over fjellet

Biristrand Camping - resepsjonen:
Nokre av veteranbilane på campingen:
Grilling på odden:
Leidulf var grillmeister for Nordfjord-benken.
Barnebarnet,Vilde og veterankompis Per var tilskodarar:
Hytte nr. 11 og 12 - nye med bad og wc - Svein og Per på balkongen:
Utsikt over Mjøsa mot Lillehammer:
Gåve frå Hildegunn for transport av bagasje som dei ikkje hadde plass til på heimturen.
Dei var innom og henta den i dag og hadde med sjølvlaga bukett frå hagen sin i Innvik.

Denne helga har vi vore til Biri på veteranbil-treff. Stort marked på Biri travbane på laurdagen, grilling, konkurransar og premieutdeling på Biristrand camping om kvelden for den engelske Albion-klubben. Vi køyrde gamle Strynefjellsvegen nedover og Valdresflya - tunnelane heim att i går kveld. Kjedeleg at vi ikkje fekk vere med på selskapet til OK på laurdags kvelden på Os. I dag hadde vi visitt av veteran-venner frå innfjorden som vi hadde tatt med bagasje for. God plass i den gamle Mondeoen vår - og vi hadde ikkje shoppa store ting...

onsdag 4. august 2010

Bad - steg 2

I dag har vi hatt rørleggar og fått montert doen, så no slepp vi å springe opp eller ned trappene. Ein del finish manglar endå. Møblane er snart klar for montering etter fleire strøk måling - gjenbruk av Espe-møblar, god kvalitet. Kjekt å vaske kle i den nye heilautomatiske maskina. Den gamle halvautomatiske Zanussien har stått i 2. etg heile tida sidan vi kjøpte den i 1996. Har slite ut to slike maskiner + eit par til. Mange år sidan eg hadde tørketrommel, så det er luksus, men kjem nok til å bruke den berre til handdukar etc. så lenge straumen er så dyr...
Det er alltid eit kvart som må kostast. No var det nytt eksosanlegg, bakre del på Mondeoen som måtte skiftast. Litt rust her og der som Besten jobbar med - ny EU kontroll til neste sommar. Tenkte vi skulle unngå å skifte bil til då. Bilen er god nok til vårt bruk, men 15 år er no ein bra alder.