tirsdag 29. juli 2008

Rockefri helg




Fine dagar på hytta, frå fredag til måndag. Bilturen på sørsida av Nordfjorden er ei oppleving i seg sjølv. Til dels smale vegar, lite trafikk, koseleg å køyre med liten fart og nyte naturen.
På utover hadde vi ein stopp i Rugsund og fotograferte Hornelen mot vest. Fin båthavn som vart bygd i samband med bru, tunnellar over og under havet og ny veg (Bremangersambandet, som ikkje er heilt ferdig endå til Svelgen). Stein har lenge hatt lyst å gå opp på denne sjøklippa, og i går hadde han tatt turen. Ei oppleving, god sikt med utsyn i alle retningar. Neste utfordring blir visst Gallhøgpiggen - men då i jobbsamanheng seinare på sommaren. Rockehelga her heime hadde vore vellukka med stor publikum-tilstrøyming og perfekt ver.

fredag 25. juli 2008

Together again


Dei to yngste i familien, fetter (4 år) og kusine (snart 8 år),
har ikkje sett kvarandre dei siste 4 vekene på grunn av ferie.
I går kosa dei seg i godstolen hjå besten og besta med pannekaker
og TV (ikkje bra sjølvsagt). Etterpå var det bærplukking.
Storejenta er ein racer å plukke rips, og vesleguten er ein STOR beundrar.

tirsdag 22. juli 2008

Hagearbeid

Las i Fjordabladet at Mattilsynet har bestemt at hageeigarane må fjerne hekkplanten bulkemispel/pilemispel i aksjon mot pærebrann i Nordfjord. Vi har hatt ein slik busk som har vakse seg høg og stor gjennom mange år, som skjerming mot naboen. Både roser og plommetre like ved har vore litt pjuskete, pærer og epler har heller ikkje vore av særleg kvalitet. Vi har ikkje vore klar over at denne busken kan vere årsaka - men no er den fjerna! Litt bålved til Os-vika vart det også. Besten, Magnus og eg hadde ein heil jobb med dette i går føremiddag.

mandag 21. juli 2008

Teamwork

Besten i jeepen og Stig i Forden, mens Magnus dirigerer. Bildekk mellom frontane.

Understellet trygt plassert. Fotografert frå kjøkkenglaset, litt skjen av blitzen.

Laurdag kveld fekk Besten hjelp av dei to overnattings-gjestane våre, Stig og Magnus, med flytting av veteran-prosjekt. Besten har 2 "små" lastebilar, ein Ford 1952 modell og ein Willys jeep 1958 modell. Sistnemnde har ny-restaurert motor som tidlegare nemnt i bloggen. Forden skal ha ei lita overhaling før den kanskje? skal seljast. Besten bygde stor fin kasse/karm på denne bilen for mange år sidan. No fekk han den ideen at understellet til Standard personbil 1939 modell kunne plasserast på denne kassa slik at han fekk betre plass i garasjen til å sveise på karosseriet. Restaureringa av Standarden er eit storprosjekt som har pågått i fleire år, men målet er å få han på vegen neste sommar. Forden går for tida ikkje for eiga maskin, så det vart sleping/skubbing med Willysen for å få plassert karmen riktig i forhold til understellet som tidlegare var heist opp under taket i car-porten. Besten er "spesialist" i å jobbe med taljer (erfaring frå verftet?). Utruleg kva han får til! Operasjonen var vellukka og alle bilane plassert der dei skulle. Eg laga to store pizza mens dette stod på. Etterpå hadde vi ein koseleg laurdagskveld og såg filmen 3:10 to Yuma med Russel Crowe.

søndag 20. juli 2008

Gratulerer Sunniva!

Gratulasjon til Sunniva som er blitt 19 år! Stor konfirmasjonsfeiring for 4 år sidan.
Bursdags-feiringa er vel gjort unna tidlegare i juli med Audhild, Jostein og farfar Olav!På Hildegard har vi rolege dagar. Magnus og Stig har vore med oss i helga, resten av fam + 2 kaniner er på hytta i Bremanger. Strikkemor og fam kom heim i går kveld og treng vel nokre dagar for å kome inn i døgnrytma her etter 3 veker i USA.

tirsdag 15. juli 2008

Sommarjobb

Magnus byrja denne veka - inni mellom bygene - å skrape vestveggen på huset og klargjere for måling. Vi ser på yr.no kor tid det er arbeidsver. Han har fått låne ein kjeledress av Besten i str. 56 frå Liaaen si tid. Lengda passar, men han er litt "slånkjen" i den endå! Ja gutane veks oss over hovudet. Den gamle bordkledninga skal få ein sjanse til, Besten tykkjer ho er for god å skifte endå. Målet med sommarjobben er å tene pengar til bærbar PC.

tirsdag 8. juli 2008

Tur i det blå


I dag har Besten, Besta og Oldemor vore på tur i Torvika.
Kaffikos under tuntreet. Interessant å sjå kveget med kalvar som beitar på bøen. Skotsk høglandskveg som går ute heile året.

mandag 7. juli 2008

Varme sommar-dagar

Siste veka har vi hatt eit fantastisk ver, sol og varme, godt å sitje under markisa på verandaen og berre nyte det. I går snudde det litt, austavind og litt regn på kvelden, i dag er det lett skya og behageleg temperatur. No står rosene ved garasjeveggen i full blomst. Ser i butikkane at jordbæra kjem for fullt også - og til akseptabel pris. Strikkemor ferierar på andre veka i NY, LilleMø byrjar ferien i dag og lisjebroren byrjar på ferien midt i neste veke. Lappetausa hadde seg nokre fine dagar på hytta si på Heida, kombinert med besøk/bil-turar med vår kjære mor på Eldretunet. Eg ventar berre på at ho skal leggje inn på bloggen foto frå dei fine fjellturane ho har hatt der ute. Tykkjer ho er kjempetøff. Vi var nokre dagar på hytta vår i Brm, i helga har vi kosa oss heime, besøkt gutane på Os, fint og usjenert å bade i elva for dei som vil det.

tirsdag 1. juli 2008

Prøvetur


Ja, no er raude-jeepen endeleg på vegen igjen etter over eit år i garasjen. Fekk motortrøbbel i fjor, trengde overhaling v/linjeboring, sliping veivaksling og nye lager på spesialverkstad i Tr.h. Vi hadde ein fin hausttur over fjellet til Tr.h. i fjor med motoren, returen vart ordna av Tenden Transport. Monteringa måtte vente til den skada skuldera til Besten var betre, men no er det altså gjort. Øyvind og Besten på prøvetur i ettermiddag. Vi har hatt mykje nytte av denne bilen, bl.a. henting vinterved på Rognes og køyring avfall til miljøstasjonen i Leivdalsmona. Dessutan er han veteran - opprinneleg den gamle brannbilen i kommunen som Besten har bygd om og hatt mykje arbeid på tidlegare også.