mandag 21. februar 2011

Henning er 7 år i dag!

Gratulerer god-guten på Os med 7-års-dagen! Vi er forholdsvis "unge" besteforeldre, kunne vore oldeforeldre dersom "forholda hadde lege til rette" for det. Ein av grunnane kan kanskje vere at dei 5 eldste, myndige, er gutar, eller er det ei ny tid vi lever i? Eg skal ikkje spekulere meir på det, alt til si tid. Vi har det veldig kjekt med Henning (og Kristine 10 år), mykje besøk av dei og pannekakesteiking m.v. Denne veka er det skuleferie, så venneselskap blir det vel ikkje før i neste veke. Nokre gjestar hadde han, alle som ikkje er bortreist på ferie var der på pizza og gode kaker. Eg steikte sveler a la Solveig med 6 egg, men trur ikkje eg fekk dei så gode som dei Strikkemor fekk då ho var på besøk hos henne i fjor. Utruleg flott å vere ute no når sola skin. Mange av den yngre generasjonen er på ski og kosar seg. Eg gjekk lang tur med Mira opp Fossevegen i dag, ho var for sliten til å vere med i alpinbakken i dag. Ok å ha ein hund i band eller ein spark å halde seg i når ein er ute og trimmar. Viktor er framleis pasient, så han får berre lunte litt ute i hagen.

lørdag 19. februar 2011

Laurdag med sol


I dag var det endeleg blå himmel slik at vi fekk nyte sola inn i stova ei lita stund. Tok eit par bilder frå 2. etg. , mot sør-vest og mot nord. Roleg laurdag med besøk av m.a. Hilde og Henning som ikkje har fått sola endå. Besteforeldra på Os er i Australia hos eldste sonen og nyt sola der. Han har budd i Sydney i over 20 år. Audny og fam er på Gran Canari, så vi passar Viktor. Helene klarte seg godt i den sjølvlaga musikalen til Ungdomsskulen, "Livet er eit spørsmålsteikn", i operahuset. Vi var der torsdag og hadde ei artig stund. Kulturskulen hadde musikken i lag med elevar frå ungd.skulen. Utruleg kva lærarar og elevar har fått til på kort tid. Det er eit fantastisk musikkliv i Eid.

søndag 13. februar 2011

God Morsdag!

Det har vore eit par kalde, klare dagar og då merkar vi godt at vi ikkje har fått igjen sola. Ho varmar nok luftlaget i og med at ho er her "nesten", reknar med den 17. viss det framleis er blå himmel. Kl 14.15 kom det sterk solglime inn stoveglaset frå Os-gjølet. Ved austveggen var temperaturen ca - 12 i dag tidleg og ca - 5 kl 14, så det er store variasjonar. Eg har halde meg innadørs denne veka, litt sår hals, ikkje feber, men er redd å få den kalde lufta ned i lungene. Snart er det skuleferie og då skal vi ha Viktor i pensjon mens Audny og fam er i syden. Blir vel litt trim og lufteturar på oss då, viss det ikkje er glatt, vel å merke.

onsdag 9. februar 2011

Onsdags-handel



Kjøpte tilbods-blomster på Coop Mega i dag, gule roser, greske sukkulenter (kaktus) og ein campanula (klokkeblomst). På roseomslaget stod det: "Disse rosene kommer fra AfriFlora, Etiopias største roseprodusent. AfriFlora sørger for gode lønns- og arbeidsvilkår for sine ansatte, og gratis helsetjenester og skolegang for barna deres. Roseproduksjonen bidrar til viktig velstandsutvikling i områder med stor fattigdom." Kjøpte også ein concealer (eit nytt ord eg har lært av Jan Thomas), den kosta mest! Såg på PC-kalendaren at det er askeonsdag i dag, trur derfor eg har gått glipp av fastelavenssøndag, bollemåndag og feitetysdag, eller tek eg feil? Komande søndag er vel morsdag, blir vel ei påminning i avisa, vil eg tru?