søndag 19. april 2009

Laurdags-aktivitet




I går tok vi rundturen langs Hornindalsvatnet og vidare Panorama-vegen langs Nordfjorden. Målet med turen var å levere måleri hjå Fjellkårstad på Blakset for innramming. Bildet viser Innvik som ligg rett over fjorden. Garden der Amanda vaks opp ligg midt på bildet ved det store granholtet. Seinare på dagen jobba besten med å få opp rota til det gamle plometreet vi har saga ned. Han fekk god hjelp av Kristine som også var med på handletur med oldemor på Bunnpris i Moengården V. Der kom Ingrid og Wendy på ridetur, så vi hadde ein koseleg prat med dei.

tirsdag 14. april 2009

Gratulerer Kristoffer!

I dag fyller eldste barnebarnet vårt 21 år. Vaksen kar med nyleg avlagt fagbrev, service elektroniker, så det er ikkje vanskeleg å få hjelp med våre dataproblem. Bursdagsfeiringa hadde han i går på 2. påskedag og LilleMø varta opp med pizza og kaker. Mange gjestar når farfar kom med mange av sine og vi med alle våre. I og med at vi nærmar oss mai og konfirmasjonane, fekk eg lyst å legge ved eit bilde av Kris m/fam. på konfirmasjonsdagen for 6 år sidan.

lørdag 4. april 2009

Vår!


I dag har vi fått hjelp til å beskjære pæretreet og mandeltreet som var byrja å bli altfor høge.
Bildet av pæretreet er ETTER at det er beskjært. Sjølvsagt var lisjejenta med på leiken.
Vi har grilla pinnebrød på utegrillen og kosa oss i fineveret. Varm og fin dag.