søndag 30. desember 2012

Romjulsbesøk



I går, 29. des., var vi i det tradisjonelle Minestronesuppe-partyet hos Audny og Roger. Dette er ein kveld der heile familien vår er samla i alderen  frå 8 - 78 år og stemninga er høg. Stort engasjement under quizen.                       Takk for ein fin kveld i Eidsgata 3! (har dessverre ikkje bilde frå arrangementet).

I dag tok vi ein impulstur i lag med Hilde og Henning inn i Gloppen til Elin, Jostein og Audhild. Der var Aron, Sunniva og Kent også på besøk. Elin varta opp med nydeleg middag, kalkun med tilbehør, dessert, kaker og kaffi. Jostein fyrte opp i peisestova, så vi kom i skikkeleg hyttestemning. Tusen takk for oss!

mandag 24. desember 2012

Julafta 2012


Koseleg julekveld hos familien til Stein Inge.

Vi ønskjer alle ei riktig GOD JUL!

Helsing Bodil og Svein

torsdag 29. november 2012

November



No er Mariusen til Kristine ferdig, har brukt dagen i dag på montering, eit storarbeid berre det.  Det går ikkje så fort med meg, er redd å gjere noko feil, kjøpte tråd i byrjinga av oktober. Det var godt å vere ferdig med den før julestrida set inn.

torsdag 25. oktober 2012

Første vinterdagen i år


I dag stod vi opp til snø og kald vind, skikkeleg utriveleg. Tok bilde av det store flotte pæretreet vårt som står med blad og frukt endå. Til våren må det nok reduserast mykje. Dette treet overlevde orkanen i nyttårshelga 1991/92, men stammen var tvers av. Sidan har det vakse seg stort og fint, men må beskjærast av og til for ikkje å bli altfor stort. Besten har bursdag i dag og er godt i gang med eit nytt decennium, 70- åra. Han har alltid eit kvart å styre med i garasje, kjellar eller med slektsstudier m.v. på data. No når snøen er komen, kjem vel inspirasjonen til å måle bilder igjen, det brukar å følgjast åt. Vi har hatt ein fin dag. Sjølv om fleire i familien er bortreist i jobbsamanheng eller på skule, klarte vi å samle 13 til bords + oss sjølve. Enkel servering, betasuppe og eit par kaker m.m. til kaffien.

mandag 24. september 2012

Tur til Ørsta via Kviven

Vakkert parkanlegg ved parkeringsplassen til Amfi i Ørsta. Innsegling til småbåthamna ved støtta til venstre.


Trangt om plassen i båthamna, ikkje akkurat småbåtar. Mange flotte seglbåtar, så det må vere nokre millionærar i distriktet.


I dag tok vi turen langs Hornindalsvatnet til Grodås og vidare gjennom Kviven til Volda/Ørsta. Fin veg og flotte tunellar, men vi var skuffa over kor mykje som står igjen før vegprosjektet er ferdig i okt. 2013. Stor festivitas og åpning av vegen sist helg. Vi var innom diverse butikkar i Ørsta før vi tok turen opp i Starevegen til Olaug og Nils. Dei varta opp med kaffi og kaker, og vi hadde ein hyggjeleg prat før vi tok Voldaferja heim att. Det var fint med ein køyretur over Stigedalen også i det fine haustveret.

søndag 2. september 2012

Ei innhaldsrik helg


Kulturskuleelevar imponerte verdskjend sopran

I går kveld stod Marius Bjørke og Oddhild Louise Nyberg på same scene som Solveig Kringlebotn i Operahuset Nordfjord.
Marius Bjørke spelte Kjempeviseslåtten på flygel medan Oddhild Nyberg framførde Meditaton frå operaen Thais under konserten med Solveig Kringlebotn. 
http://www.fjordabladet.no/index.cfm?event=doLink&famID=309411&frontFamID=84279

************************

LÅVEMESSE I LEIVDALEN

  • Nordfjord Lappe- og Quilteklubb inviterer til Låvemesse i "Monsgarden" i Leivdalen i Eid Kommune. laurdag 1. september og søndag 2. september kl 12.00-18.00. Sal av: Lappeteknikk og quilta produkt, vevde produkt, hardangersaum, produkt i skinn, egg, treprodukt, strikka produkt, tova produkt, dreia produkt, kjøtprodukt, heimelaga bakst, syltetøy og saft fra Juv, maleri og kunst, krydder og urter, frukt, poteter og grønnsaker, lefser, flatbrød, tørrsild, cupcakes, natronkaker, kort m.m. underhaldning begge dagar kl. 15.00.

Kafe med hjemmelagde kaker, smørbrød, natronkaker og sveler. Åpen Gard i regi av Eid Bondelag, søndag 12-18. Kalvemønstring. Utstilling av tepper som quilteklubbens medlemmer har laget. Ta turen oppom Leivdalen, og gjør gode kjøp.
Kun kontant betaling. Masse fine julegaver.
Velkommen til en trivelig handel :-)
http://www.eidaportalen.no/nyhende/item/3194-låvemesse-i-leivdalen

*************************

Dette har vore ei opplevelsesrik helg, opera/konsert på laurdagskvelden og låvemesse på søndagen.
Utruleg flott å få høyre ei så stor norsk verdsstjerne "live" her i vesle Nordfjordeid.
Vi var på låvemessa i fjor også, og i år hadde den vakse seg større med open gard, konkurransar og underhaldning for barn og vaksne, mykje folk trass i dårleg ver. Eit populært tiltak som sikkert vil bli ei årleg hending. Hilde (Strikkemor) hadde to timar jobb ++ i kafé-teltet, og vi var opp og henta henne etter ferdig vakt. Det er første gong eg har vore inn i ein moderne fellesfjøs. Koseleg prat med kjentfolk og litt handel vart det også.


søndag 26. august 2012

Kvivsvegen

 Den "nye" E 39:
Ved Kaldevatn går Kvivstunnelen (6,5 km) sør-aust mot Grodås/Hornindal:


og Kalvatntunnelen (1,6 km) nord-vest mot Volda:



Dei neste 2 tunnelane mot Volda er Fyrdsbergtunnelen (1,1 km) og Damfosstunnelen (170 m).

Mer detaljert oversiktskart
http://www.vegvesen.no/Europaveg/e39kvivsvegen/Nyhetsarkiv?offset=20

I dag la vi søndagsturen nordover og køyrde - Heggjadalen - Kaldevatn - Austefjorden - Stigedalen -.
Vi fekk sjå deler av det nye vegprosjektet, Kvivsvegen, som framleis er stengd, men åpnar 22. sept. i år.     Då kan vi køyre Hornindal/Grodås - Kvivsvegen - Volda/Ørsta med "gul" midtstripe heile vegen frå N.eid.

torsdag 16. august 2012

August


I dag kom den nye eigaren/kjøparen og henta Svein sin Ford V8 F4 Truck lastebil, 1952-modell. Ein merkedag for oss, for vi har "tatt vare" på han sidan 1.10.1989 dvs i 23 år. Oddvar var med Svein til Fagernes og henta bilen hos Ole Birger Gjevre. Dei køyrde Valdresflya tur/retur på ein dag, og det gjekk sakte på heimvegen. Bilen var den gongen levert utan karm, så den er det Svein som har bygd. I tillegg tok han "overhaling" på motoren. Bilen har heile tida vore registrert med veteran vegavgift/forsikring, men har ikkje vore i bruk siste åra. Vemodig for Svein å overlate bilen til andre, men han ser at han må redusere på "bilparken". Lastebilen har tatt stor plass i garasjen, så no blir det lettare å få jobbe med dei andre prosjekta han har...

Kalvåg 13. aug. 2012:




"Kalvåg Brygge"


Her kan ein kose seg med is, utepils, fiskesuppe m.v.  Inst i bukta skal det byggjast mange leilegheiter.

søndag 5. august 2012

Laurdags-tur

I går var vi på biltur ut til Selje i lag med Lise og Kjell. Vi stoppa på Gangeskar på Flatraket og såg på   staden der tippoldefaren til Kjell og Svein var ifrå. Turen gjekk vidare til Selje der vi var innom "Doktorgarden", mykje interssant å sjå der, bl.a. kunstutstilling, keramikk og bøker. Ein kunne også kjøpe kaffi m.m., men vi ville helst ha middag, så vi var bortom hotellet. Dei hadde ikkje middagsservering før på kvelden, men den hyggjelege hotelldirektøren, Kjellaug Berge, anbefalte Furebuda på Leikanger - viss vi likevel skulle den vegen. Vi køyrde over Dragseidet og ned til Stadlandet, mange år sidan vi har vore den vegen. Vi stoppa og såg på dei vakre hjortane på hjortefarmen der ute.  Deretter fekk vi kjøpe rimeleg og god middag på Furebuda som ligg heilt i sjøkanten på Leikanger. Sosekjøtt av kalv og eplekake med is. Heimturen gjekk over Åheim og Maurstadeidet. Vi hadde fint ver på heile turen.

 Hjortefarm på Stadlandet

Fettere på biltur til Selje

Fure-buda på Leikanger.




torsdag 2. august 2012

Fiskekonkurranse

Vi fekk besøk av Henning og Oddvar i går kveld i 23-tida. Henning måtte vise morfaren storfangsten han hadde fått på kasteslukstang frå land i Os-vika. Ein fin 3-kilos ørret.

tirsdag 17. juli 2012


I dag feirer Elin og Jostein 30 års bryllaupsdag. Vigsla var på prestekontoret i den gamle prestegarden på Vereide. Presten som vigde dei var Asbjørn Gjengedal. Forlovarar var bror til Jostein, Kristen, og Bodil, syster til Elin. Foreldra til Jostein og Elin + kona til Kristen, Marit, og veslejenta deira, Marianne, var også med under vigsla. Etter vigsla bar turen ut til Harpefossen Fjellstove der det vart ein fin bryllaupsfest med slekt og venner. Kjømeister var Kristen Moen frå Gloppen. Far til Jostein, Olav Grov, heldt velkomsttala ved middagsbordet. Veret var pent, men kjøleg (utdrag frå mor Astrid si dagbok).

søndag 17. juni 2012

Juni




I går var vi på ein liten impulstur på Panoramavegen. Vi fekk tips frå ein veteranvenn av Besten at mange       7-setararar/skyssvogner (med klappsete) frå gamle dagar var på vegen vestover frå Stryn. Det var ca. 20 bilar i følgjet, frå m.a. Geiranger og Oslo. Dei hadde lunsj på Ullsvang og skulle attende til Sandane der dei overnatta. Eg tok ein del bilder då dei hadde ein stopp på NOS for å sjå på utsikten. Varmt og fint ver i innfjorden.
Legg ved det årlege bildet av staudene til oldemor Hilda, liljer og konvaller. Dei har stått ved husveggen i meir enn 50 år og eg har ikkje tort å gjere noko med dei, så dei lever sitt liv.
Vi har også hatt nokre fine helgar på hytta i vår. Snart er det midtsommar og då går sola i havet ved neset til høgre i bildet kl 23.30. Vakker utsikt frå verandaen, det er noko spesielt med å få nyte utsikten ut i havet.
No er det snart skuleferie, og den yngre garde reiser hit og dit på tur, men nokre av barnebarna har fått seg sommarjobb og blir heime. Vi satsar på småturar og dagsturar.

torsdag 17. mai 2012

"17. mai er vi så gla i"

Folketoget på veg nord Eidsgata. Har lånt bildet frå Fjordabladet si nettside, mange fine bilder der av bl.a. barnetoget og russen. Av "våre" er det Øyvind og kjærasten, Amalie, som er russ i år. Besten og eg held oss  heime 17. mai og tek i mot frosne og svoltne barn og barnebarn. Mykje kjekt å følgje med på frå TV-sendinga rundt om i det heile land.
Her i Eid går alle barnehagane i tog eit par dagar før den 17. slik at det blir gjort ekstra stas på dei. Fint ver den dagen, og ganske bra i dag på den 17., betre enn meldt, så folk slapp paraply.

mandag 14. mai 2012

Mai og konfirmasjonstid



Konfirmanten Eirik 6. mai 2012


Konfirmanten Olaug 12. mai 2012


Svein er grandonkel til begge konfirmantane som er syskjenborn og bur på Møre. Eirik feira dåpsdagen sin den 1. april 2012, og vi fekk vere med å feire denne dagen i lag med mange gjestar. Konfirmasjonsdagen hans, den 6. mai, vart feira i enklare former med dei næraste i familien.
Laurdag feira vi konfirmasjonsdagen til Olaug. Dette vart også ein kjekk dag med god mat og triveleg prat. Tusen takk for at vi har fått vere med på festane og fått møte storfamilien nordom grensa.
Bilda av konfirmantane har eg lånt frå bloggen til Besta i Ørsta.

Solveig tipsa Svein om traktorsamlinga hos ein bonde i nabolaget, så då vi reiste heim att gjorde vi ein stopp og såg på herlegheita.
Veret vart betre utover dagen og kvelden, så det vart til at vi tok turen vestover og køyrde over Åheim på heimvegen. Det er lenge sidan vi har køyrt denne vegen og det er vakkert ved kysten om våren.

Veteran  traktorsamling ved hønsehus på Hareid


fredag 6. april 2012

Langfredag

Torsdag kveld fekk vi besøk av Kari, Frode og dachsen, Frida, frå Asker. Dei har stor fin campingbil og hadde køyrt over Strynefjellet. I dag køyrde Svein oss i jeepen over Hundeidefjellet og ned i Hunvika, mange år sidan vi var ned der. Der er ein eigedom til sals som vi ville sjå på. Turen gjekk vidare tilbake over fjellet og ut langs fjorden til Torheim. Ein fin biltur på smale og bratte vegar. Nydeleg ver i dag, men litt kjøleg.

lørdag 31. mars 2012

Påske


I dag har eldstebarnet vårt bursdag. Gratulerer med dagen, Audny! Vi stod opp til full vinter igjen, snø og kuldegrader, berre med den skilnad at sola kom og varma inn glaset. Denne snøen fer nok fort her i lavlandet, men det er kjekt at skianlegga i distriktet får litt ekstra påskesnø.

torsdag 22. mars 2012

Anna Karenina av Leo Tolstoj

Lappetausa inviterte meg med på Riksteateret i operaen i går kveld. Ho kom i lag med tre kollegaer frå Gloppen. Dei hadde rabatt-billettar frå Undervisningsforbundet og eg frå Libris. Det var ei heilt spesiell framsyning, enkel, gripande og tankevekkande, heilt ulikt frå å sjå det på film. Gørild Mauseth passa godt i rollen som AK og ho hadde dyktige medskodespelarar. Eg har vore relativ aktiv på arrangement i operaen i det siste, har fått med meg Russerevyen og Les Miserables også, så eg må vel ta meg ei pause. No går vi inn i ei tid med påskeferie, konfirmasjonar, 17. mai osv - håper vi får ein fin vår som kompensasjon på ein heller våt og trasig vinter for oss som har halde ut og ikkje reist til varmare strøk.

tirsdag 6. mars 2012

Første vårdagen?


I dag fekk vi tidleg besøk av Viktor. Han hadde fått litt vann-eksem og vi passa han mens familien var på jobb og skule. Viktig at han ikkje får klø seg, derfor greitt med denne "kragen". Vi innvia hagestova for sesongen, rydda og kosta og Besten kosa seg med dagens avis. Fleire solglimt i dag, så det var varmt og fint under taket, elles litt kald trekk.

søndag 4. mars 2012

Sesongopning

I går, laurdag, hadde vi ein fin tur ut til Nesje og sjekka at alt var greitt til påskeferien. Vinter-stormane hadde ikkje gjort noko skade, heldigvis. Tidleg vår ute ved kysten. Kristine og veninna, Hilde, var med på turen. Vi provianterte hos Kiwi i Deknepollen før vi tok ferja til Oldeide, nytta også høvet og fekk fylt på ferjekortet for dette året. Vi jentene gjekk tur til fyret og prata med eit par naboar mens Besten ordna ting ved hytta. Vi skræmde opp to ørner ute ved fyret, litt av eit syn då dei tok av og flaug sørover mot "Ørneberget". Heimturen gjekk over Davik, kjekt å kome ut til havet igjen.

søndag 26. februar 2012

Føremiddagstur


Søndagsturen gjekk "som vanleg" gjennom Malakof, fredeleg og fint turområde for oss pensjonistar. Plassens Venner, der Oddvar er ein av eldsjelene, er i full gang å rydde etter uværet som har vore på ettervinteren. Eit svanepar gjekk inn for landing og kosa seg på elva. Vi fekk ein kopp te og kvilde ryggen hos Oserane før vi snudde nasen heim att. Dei var nett komne attende etter ein sykkeltur med Henning til solsida.

tirsdag 21. februar 2012

Sol inne, sol ute, småbakst og vinterferie


Nabohuset skal visst nok vere selt no, der har vore familiebarnehage i mange år.
Nabohusa fotografert frå verandaen i 2. etg, begge bygde i si tid av Oscar og Anna Gjerde
I dag fekk vi endeleg sett sola klive Os-fjellet og skine inn i stova.
Heimelaga danske ostebollar og (amerikanske?) oreokjeks
Vi har hatt to fine dagar med Kristine. Ho fann opprskrifter på nettet, og så var det berre ha på seg forkle og leite fram ingrediensane, oreo-kjeks i går og ostebollar i dag. I dag hadde Henning bursdag og Elin kom utover. Ho var her med oss og kosa seg med gudbarnet sitt før det var selskap på Os. Henning hadde bedt både fadderar, slekt og naboar, så det vart ei koseleg stund. Eg fekk ikkje tatt bilde av han, men reknar med at Hilde har nokre blinkskudd. Han var ein utruleg vert med bl.a. underhaldande felles presangåpning.
Truleg finaste veret i vinterferien i dag, no regnar det igjen.

søndag 19. februar 2012

Februarsnø

Fastelavenssøndag og nysnø i dag, og det har snøa mest heile dagen. Eg hadde håpa på at vi skulle få eit glimt av sola i dag, men måtte ta til takke med lysare, skya himmel over Os-gjølet. Besten har vore ute med snøfresaren to gonger i dag. Eg tok meg ein lang trimtur med broddar i kveldinga. Litt skummelt med islag under snøen.

onsdag 8. februar 2012

Gode veninner!

Kort skuledag på onsdager, og i dag ringde Kristine og spurde om ho kunne ta med tre veninner etter skulen. Det vart pannekaker, kunst, lekser og litt uteleik. Desse jentene kjenner kvarandre godt heilt frå barnehagetida.

torsdag 2. februar 2012

Juvikfolket



Vinters tid er det fint å ha ei lydbok å lytte til. Den seinare tid er det meste krim-bøker det har gått i, men litt variasjon er nok bra, så no eg er nett ferdig med Linn Ullmann si siste bok "Det dyrebare", ei litt spesiell, men interessant bok. No har eg lyst å prøve meg på dei gamle klassikarane som eg las i gymnastida. Det vart Duun og Juvikfolket, så no har eg underhaldning lenge.

søndag 22. januar 2012

Januar

Det er endå tre veker til vi får sola, og i dag var det så vakkert vér at vi måtte ta oss ein biltur for å nyte nokre solglimt. Det var då naturleg å leggje turen ut til Stårheim og tenne lys på mor og far si grav i og med at mor hadde vore 92 år i dag. Stårheimsbygda viste seg frå si beste side i dag.