søndag 26. august 2012

Kvivsvegen

 Den "nye" E 39:
Ved Kaldevatn går Kvivstunnelen (6,5 km) sør-aust mot Grodås/Hornindal:


og Kalvatntunnelen (1,6 km) nord-vest mot Volda:



Dei neste 2 tunnelane mot Volda er Fyrdsbergtunnelen (1,1 km) og Damfosstunnelen (170 m).

Mer detaljert oversiktskart
http://www.vegvesen.no/Europaveg/e39kvivsvegen/Nyhetsarkiv?offset=20

I dag la vi søndagsturen nordover og køyrde - Heggjadalen - Kaldevatn - Austefjorden - Stigedalen -.
Vi fekk sjå deler av det nye vegprosjektet, Kvivsvegen, som framleis er stengd, men åpnar 22. sept. i år.     Då kan vi køyre Hornindal/Grodås - Kvivsvegen - Volda/Ørsta med "gul" midtstripe heile vegen frå N.eid.

3 kommentarer:

Besta sa...

Då får vi kort veg til Stryn, men skal vi til Eid, blir det nok Stigedalen. Det kan hende vi køyrer rundt fjorden og Utvikfjellet når vi skal til Kongsberg.Då sparer vi to ferjer. Vi kunne godt tenkt oss bru over Nordfjorden ved Faleide t.d. Men ikkje alle er like begeistra for prosjektet. Margrete t.d. er redd dei får dårlegare ferjetilbod.

solveig sa...

Dette er i alle fall eit stort framsteg. Ein stor fordel for oss når vi skal til Austlandet!
Vi såg mykje godt vegarbeid då vi køyrde rundt i sommar.

Hildegard sa...

Forstå-seg-påarane meiner Kvivsvegen er eit aust-vest prosjekt. Tida får vise...