søndag 21. februar 2010

Henning 6 år!


Gratulerer minsteguten med 6 års dagen. Stor dag for han, hans første turnoppvisning i idrettshallen, lett å kjenne lysluggen med Malakoff-Tskjorte. Mormor var publikum i lag med fleire andre i familien. Kristine var også med på oppvisninga. Bursdagsselskap etterpå.
Gratulasjonar også til kong Harald med bursdagen hans.

onsdag 17. februar 2010

Første soldagen

17. februar kvart år tittar sola over fjellkammen ned Os-gjølet til oss. Det skjedde også i år - og vi var heldige at det var delvis skyfri himmel. Bildet er tatt frå verandaen i 2. etg. kl 14.20. Har funne ut at eg kan setje minnebrikka frå fotoapparatet rett inn i PC-en min og at det ligg program for redigering bilde lett tilgjengelig på maskina - stadig nye oppdagingar! Fiskemiddag i dag med heste-jentene - torsk og ørretfilet. Kjekt så lenge dei vil kome her ein dag i veka og ete fisk. Eldstejenta er byrja med "trafikal undervisning", så etter å ha kvilt middag gjekk ho rett på det - og så er det vel hest før lekser m.m. Masse prøver har dei også, så det er ikkje noko slaraffenliv. Konfirmanten hoppa over middagskvilda og skunda seg ned til Viktor som skulle ha seg ein luftetur. No skal besten snart på veteran-møte og eg får vel ta meg ein trimtur. Mykje data og nærradio i dag, konf. facebook.

Frå Opera- til Kyrkje-konsert


I desse OL-tider kan det vere godt å kome seg ut av huset. Det ser ut til at NRK har gløymt at det er sjåarar som ikkje er så interessert i sport, og at dei burde flytta sporten til NRK2 eller ein annan eigen sportskanal - gjerne døgnet rundt for min del. Nok om det - siste veka har det vore kor-veke i Eid, først Requiem i Operaen fredag og i går kveld Exeter Domkirkekor i Eid kyrkje. Det er berre fantastisk å sjå og høyre så unge jenter og gutar i samstemd song med vaksne mannsstemmer. Tidlegare var dette berre eit manns- og gutekor, jentekoret var starta i 1994. Privat innkvartering, både Signe og Rasmus hadde engelske overnattings-gjestar.

søndag 14. februar 2010

Frå Requiem til tulipaner


Fredag kveld inviterte eg med meg LilleMø i Operaen. Michael Pavelich dirigerte stort opera-orkester, fire solistar, skulekoret ved Firda Vg.sk., Ålesund Operakor og Nordfjord Operakor i Requiem av Giuseppe Verdi. Litt av eit samspel med så mange aktørar på sena på same tid. Artig å sjå ungdomen så entusiastiske i ei så krevande framføring. Laurdag hadde dei framføring på Sandane og i dag i Førde.
Tulipanane er frå mine 3 godt vaksne barn på morsdagen. Kjekt å bli hugsa på med blomar.

søndag 7. februar 2010

Gratulasjonar i januar og februar

Denne vakre orkidéen, fekk vi frå Olaug og Nils som kondolanse i januar då mor gjekk bort -tusen takk. Orkidéen står like fin endå, bildet er tatt i dag.
No ventar vi berre på at sola skal glytte ned Os-skaret til oss i dalbotnen - det blir vel i skuleferieveka. Er reint misunneleg på dei som bur på solsida og har hatt masse sol i klarveret denne etterjuls-vinteren.
Vil gratulere alle eg kjem på som har bursdag i februar: Oddvar, Anne-Marie, Margunn, Henning - og sikkert mange fleire.
I januar var det bl.a. Magnus, Øyvind, Marta og Signe som feira bursdag. Gratulerer!

mandag 1. februar 2010

Snø og kulde

Det vart litt av ein snø- og kuldevinter her i år. No er vi inne i andre kuldeperioden, godt å ha mykje ved og varmepumpe. Smale vegar og vanskeleg å parkere i Alleen. Snøen ligg tungt på greinene og 1. etg. postkasser er nedsnøa. Viktor har laga djupe spor i snøen ute i hagen og sola skin på Skårhaugnakken. Vi må nok vente nesten 3 veker på sola her, men trass i kulden er det kjekt med stabilt ver.