tirsdag 21. september 2010

September-tur til England

Slottet i Beaulieu. Denne bilen er mykje lik den Svein restaurerer i garasjen.Litt av bil-utstillingsplassen m/bilmuseet i bakgrunnen.

Plassen framfor inngangen til dei romerske bada i Bath. Der ligg også ei flott kyrkje (Abby).

Inne i det romerske badehuset i Bath.

Kanalbåtar i Bath.

Hesten i Randers.

Randers hotell frå 1850-talet.

Snart heime. Premieutdeling for spørjekonkurransen på turen.

M/S SuperSpeed (Color Line). Båtferga vi følgde tur/retur Larvik/Hirtshals.
Har ikkje bilde av båtferga til England, Dana Sirena (DFDS TOR LINE). Såg meir ut som ein lastebåt med lugarar.

Kommentar:
Vi køyrde heimafrå tysdag 7. sept. i middagstider, slappa av nokre timar hos venner i Asker før vi gjekk på bussen i Drammen kl 05.00 onsdag morgon. Bilferge Larvik-Hirtshals kl 08.00, framme ca. kl 12.00. Fin båt med taxfree og god mat. Buss til Esbjerg der båten gjekk kl 18.45 mot Harwich nord for London. Ikkje taxfree på denne båten, men god mat og gode lugarar. Vi kosta på oss litt ekstra med vindus-lugar på dekk 6.
(Det går p.t. ikkje båt/ferge mellom Norge og England, noko som er heilt ubegripeleg. For nokre år sidan hadde vi to turar mellom Kristiansand og Newcastle. Då var vi i York, Whitby og "Aidensfield" og bussa ned til Sør-England.)
Vi var framme i England torsdag middag og bussa vidare til Bournemounth ved sør-kysten, framme i 5-tida på ettermiddagen torsdag. Fin tur gjennom New Forest til Westbourne. Vi vart innlosjert på små bed-and-breakfast hotell - eit kapittel for seg -, vi har hatt same hotellet 3 gonger på rad og er godt kjende med vertsskapet.
Fredag hadde vi ein fin tur til Portsmount og fekk omvisning på HMS Warrior frå 1860 - damp-segl-krigsskip og segl-/krigsskipet HMS Viktory til admiral Horatio Nelson. Vi har vore der tidlegare, stort museumsområde i hamna, "The National Museum of the Royal Navy". www.historicdockyard.co.uk.
Laurdag tok Svein og eg lokalbussen til kystbyen Pool, gjekk i butikkar, kjøpte oss middag og slappa av.
Søndag var det veteran-dag på marknaden i Beaulieu. Det er åttande gongen vi er på denne turen, så vi er godt kjende i området. Der er ein gamal landsby med eit stort slott, kyrkje- og kloster-ruiner, bil-museum, flott park med store eiketre og eit stort område med salgsboder og bilutstilling på markene rundt slottet.
Måndag var det "blåtur" for alle til Bath mot kysten i vest, vakker natur og store, fine gardsbruk. Vi tok ein guida busstur gjennom byen. Ei stor oppleving å få sjå utgravingane/dei gamle romerske bada. Forfattaren Jane Austen budde 5 år i denne byen og minnast ved eit eige Centre/Museum.
Tysdag var fridag og vi tok lokalbussen ned til Bournemounth sentrum ved sjøen. Ein fin by med ein nydeleg park og lang badestrand m/hundrevis av badehus.
Onsdag starta heimturen, same rute som framover. Torsdag overnatta vi i det gamle, ærverdige hotellet i Randers i Danmark.
Heime natt til laurdag.

mandag 6. september 2010

Kvitneset og Ishavsmuseet Brandal








Kjekk tur med stryningane og ørstingane til Hareid-landet i går. Ei oppleving å køyre den nye vegen/tunellen under havet. Guida tur av Øystein til Kvitneset, deretter Ishavsmuseet på Brandal (www.ishavsmuseet.no). Vi avslutta dagen med koseleg kaffebesøk hos Solveig og Øystein. Takk til sunnmøringane for ein fin dag!

fredag 3. september 2010

Kristine 10 år

Trur eg har mista litt kontrollen når det gjeld bursdagar på bloggen. I august feira Ole Kristian 22 år, Stig 20 år og Helene 15 år. I dag er det Kristine sin bursdag. Bildet er frå aug. 2001 på Biri - yngste deltakar på veteran-treffet, berre 11 mnd. Det er Kari B. som har tatt bildet. Niese, Anna Pernille, og tidlegare kollega, Liv Janne, har også bursdag i dag.

onsdag 1. september 2010

Onsdagstur


Fin trimtur i Fladalen både måndag og i dag, vi må trene litt til vi skal til England, for då blir det mykje trakking på veteran-marknaden i Beaulieu og elles.
Første bildet viser utsikta mot Bakkesætra i Fladalen (Stigedalen). Den nye store hytta til Moen ruvar godt i landskapet. Hytta til Emil Os (sjef i Canal Digital) lengst borte i åssida, har fin utsikt over vatnet.
Det andre bildet viser Sagesætra. Der er ein fin liten foss og eit lite sagbruk som er restaurert. Bildet av saga er tatt for nokre år sidan, kanskje om våren i og med at elva er stor. Besten har måla dette motivet, trur eg må ta eit haustbilde også. (bilda bør forstørrast).
Kraftledninga skjemmer diverre mykje innover dalen.
Bomveg, og det går fint å køyre bil inn til Movatnet sommars tid.