No er det nye nisseparet på plass i hagestova. Kjekt å ha ein uteplass med tak over for røykjarar og barne-/hunde-passarar denne årstida også. Måleriutstilling av Besten og Kristine på veggane.
lørdag 12. desember 2009
"Nissane på Hildegard"
No er det nye nisseparet på plass i hagestova. Kjekt å ha ein uteplass med tak over for røykjarar og barne-/hunde-passarar denne årstida også. Måleriutstilling av Besten og Kristine på veggane.
fredag 11. desember 2009
Fredsprisen 2009
mandag 30. november 2009
1. søndag i advent og lysmesse i kyrkja
I går kveld var det lysmesse i kyrkja. Konfirmantane deltok med lysbæring, tekstlesing og song. Som kjent har vi tre barnebarn som er konfirmantar til våren. Helene var med både i koret og tekstlesinga. Litt spesielt var det denne gongen med nattverd - der dei av konfirmantane som ville kunne delta - noko dei fleste gjorde. Stemningsfullt og fint. Prest Kristin, som er ung og nyutdanna og konfirmantlærar Marius styrde det heile.
Laurdag var det tenning av julegrana, så no er vi i gang....
I dag er det slektsforskning og kjellarjobbing på besten og brødbaking på meg. Lette snøfnugg i lufta, så det blir vel lysare kveldar - så lenge det varer.
Den firearma lysestaken har Eidabesten laga for mange år sidan. Mor og far hadde han så lenge dei var på Smia. Denne gongen hadde eg berre kvite ubrukte lys, skal vel vere lilla?
lørdag 28. november 2009
Julekonsert i Operaen
torsdag 26. november 2009
Thanksgiving Day
I dag feirar amerikanerane m/fl. Thanksgiving, ein årleg tradisjon sidan 1621 - den fjerde torsdagen i nov. Opprinnelsen til feiringa var at ei gruppe innvandrarar ville takke indianarane for at dei hadde hjelpt dei å overleve etter mykje strabaser og elendighet og laga til fest for dei. Ein kan bl.a. lese om dette på Wikipedia. Kalkun-middag er tradisjon denne dagen.På TV i dag har Wenche laga "gubberøre", som er ein svensk sildesalat, og det har vore testa juleøl. Utruleg at vi skal feire første søndag i advent denne helga. Dagane er våte, korte og mørke, nesten slik at eg lengtar til våren alt no!
Men noko godt er det vel med mørketida også, Eidabesten er byrja å måle bilder igjen og han er i full gang med slektsforskninga - no på morssida. Elles mekkar han på den gamle veteran-motorsykkelen i kjellaren.
I dag er det "Open dag" på Eldretunet, der oldemor bur, så eg skal ein tur opp dit og ta lodd på alle dei fine heimelaga gevinstane. I kveld skal vi på julekonsert i Operaen med
Elisabeth Andreassen og Rein Alexander.
tirsdag 10. november 2009
"Et dukkehjem"
I går kveld var eg så heldig å bli invitert i teater i lag med ei venninne. Det var Riksteateret som gjesta Opera-huset med Et dukkehjem av Henrik Ibsen. Stykket er modernisert ein god del frå det eg tidlegare har sett på fjernsyns-teateret. Bildet viser Nora (Ulrikke Hansen Døvigen) som dansar tarantella i ei dramatisk sene på slutten av stykket. Der var mykje folk i operaen og mange elevar frå vidaregåande - som sikkert fekk seg ei fin oppdatering i norsk-pensumet. Gripande teater og koseleg kveld.
fredag 30. oktober 2009
Strikketreff hjå Reidun
I går kveld var det strikketreff hjå Eid Miljø/Reidun Strand i Yrilada. Strikkemor og eg hadde sett av datoen for lenge sidan, og hadde ein koseleg kveld i lag med strikkeinteresserte damer.Eg byrja på ei lue i "Frost" og vart dessutan freista til å kjøpe rundpinnar i tre, same som eg brukar til lester. Veldig godt å strikke med slike pinnar. Kjøpte også "Baby Silk" i rosa og lilla, det blir vel eit sjal, kanskje. Reidun har eit stort utvalg i garn etc. - og har mange gode råd, så det er vel verd å ta ein tur innom butikken hennar.
tirsdag 27. oktober 2009
Bursdagar i oktober.
Den 25. okt. vart onkel Peder Aadland 94 år og eldst i familien, og Eidabesten vart 68 år.
Meiner også at Rolf, bror til Ørstabesten, har bursdag denne dagen og er like gamal som Eidabesten.
Den 26. okt. vart bror Rasmus 66 år - og nevø Rasmus på Kongsberg 45 år.
I dag, den 27. okt. er det barnebarn Bjørnar som feira 14 års dagen sin. Koseleg kaffeselskap på Os som vanleg i kveld.
Anne Grethe og Astrid (syster og mor til Margunn) har også bursdag i okt., likeeins nevø Svein Kåre som bur i Oslo, 36 år. Gratulerer alle saman!
fredag 23. oktober 2009
Seinhaust i Kalvåg

Denne veka var det gode vermeldingar, så vi tok turen ut i Kalvåg og til hytta for å stenge for vinteren. Vi har nettopp "mista" sola, så det var ei stor oppleving å kome ut til kysten. Der var det reine sommaren og vi angra nesten på at dette skulle vere siste turen for i år. Mørkret kom tidleg, men med klart ver og berre ei fyrlykt som lyser opp, var det eit fantastisk skue å sjå stjernehimmelen over hav og land. Besten rydda tre og busker som stengde for utsikten ut i havet. Grantreet var fint då det var mindre, men no hadde det tapt seg, så det måtte til pers. Same vegen gjekk det med eit par rogntre. Det er lagt ut eit stort hyttefelt på Gildreneset. Der er dei no nesten ferdige med vegen som startar i nærleiken av vegen til fergeleiet på Smørhamn og snor seg over fjellkammen og ned til sjøen på nordsida. Dette er eit solrikt og flott hyttefelt der mange frå innfjorden alt har bygd seg hytter. Roleg og fredeleg i Kalvåg no, stor skilnad frå sommartida då det er fullt med turistar som skal fiske og nyte vakker natur.
mandag 19. oktober 2009
Operatid
Første halvdel av oktober er det operatid i Eid. Billettane til første opera i nytt operabygg, Carmen av Georges Bizet, var utseld tidleg. 7 - 8 fulle hus, publikum frå fjern og nær.Vi var der sist torsdag og det var ei stor oppleving. Mange lokale songarar og barnekor deltok, veldig artig. Stort lokalt engasjement med dugnad i alle ledd.
mandag 28. september 2009
lørdag 26. september 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)




