torsdag 28. februar 2008

Sjølvkomponerte seikaker

I dag laga eg seikaker av avskjær frå seien på tysdag. Gjorde det lettvint, brukte hurtigmixaren på Kenwooden. Det går bra når ein lagar små porsjonar i gongen. Mjølk, egg, løk, fisk, mjøl, salt og pepar - enkelt og greitt. Steikt i margarin/olje - servert med raspa gulrot, lettrøme, rødbetar, surra løk og poteter. Nam -nam.

onsdag 27. februar 2008

Gode sokkar til far

Kom på at eg har gjort litt meir i vinter. Vart inspirert av Ørsta-Besta ein gong i fjor; ho har strikka mange strømpepar til ektemannen. Ho fortalde at når foten var utsliten, klypte ho av og strikka nye på same brotet. Kjempesmart! Oppskrifta fann eg i eit gamalt Familien 3/02. Sisu (80 % ull, 20 % nylon), kjøpt på Mega. Mjuke og gode etter vask, treng ikkje andre sokkar under.

tirsdag 26. februar 2008

Frisk med fisk

Eg vart inspirert av kokke-Lise i frokost-TV Nrk1 i forrige veke. Fann oppskrift/foto på nettet under Nrk-Magasinet-Tidleg: " Sei med gulrotpurre og hint av appelsin". I dag har eg laga retten, hadde fin sei i frysen frå siste tur på hytta i 2007 då vi var innom Larsen i Kalvåg og kjøpte 5kg-kartongar med frosen torsk og sei. Eg var spesielt spent på gulrotpureen, det såg så godt ut på TV! Hadde invitert svigerson m/døtre til middag i og med at LilleMø er bortreist på meierimøte. Seibiffen med løk, potet og raspa gulrot slo godt an, men pureen var det berre kokka som tykte om. Ikkje enkelt å prøve noko nytt.

torsdag 21. februar 2008

Strikkeprosjekt II

Dette er også eit prosjekt som Strikkemor sette meg i gang med. Vi kjøpte lys brun Mandarin Petit egyptisk bomull til "Jakke med hullmønster" på Mega for fleire år sidan. Byrja å strikke då eg vart pensjonist for 2 år sidan og var ferdig sist haust. Eg var mektig lei heile prosjektet, miste etter kvart trua på at ho ville passar til meg. Kanskje ho vil vere fin på ei høg og stilig dame - så det blir nok Strikkemor eller Lappetausa som kan få henne til sommarjakke? Bør nok ha ein mørk eller lys topp i den - eller ein bikinioverdel!
No blir det nok berre lester, vottar og huer ei tid framover. Fekk forresten litt lyst å hekle eller strikke eit lappeteppe. Mormor Bella strikka mange slike. Ho vart 92 år og var nesten blind siste åra. Då sat ho og strikka lappetepper som framleis er i bruk i familien.

Strikkeprosjekt

I går vart eg heilt ferdig med monteringa av Fana-gensaren til Kristine. Det var Strikkemor som tok ut mønster og tråd for eit par mnd. sidan, Brun og rosa pt5 SPORT. Eg var ivrig å strikke nokre dagar mens eg lytta til "Bakom synger skogene" lydbok i 3 bind, men så kom eg i manko på brun tråd, måtte til Ørsta for å få rette sorten, så prosjektet tok litt lengre tid enn eg hadde trudd. Det er mange år sidan eg har strikka ein gensar - og monteringa var ein heil jobb også, men no er han endeleg ferdig og den er å vekse i - og godt er det, for lisjejenta har strakt seg mykje i vinter. Tenkte gensaren skulle halde ein sesong til!

onsdag 13. februar 2008

Sildedag






I går kveld, etter at eg hadde vore på besøk hjå mor på Eldretunet, kom ein tidlegare kollega av far i huset med fersk sild frå ein annan kollega i Vågsvåg. Eg måtte berre leggje alt anna til side og byrja å renske sild. Som kjent er besten framleis handicappa i høgre armen etter ei skade.
Litt sild vart putta i frysen til line-agn. I dag har eg steikt sild m/løk til middag - i tillegg til at eg har laga sildekarbonader av 2,2 kg renska sild. Brukte ei gamal oppskrift frå Breim i boka "Fjordamat", men såg at eg måtte ha i eit par egg for at dei skulle halde i hop. Kjøpte meg ny kjøkenmaskin (Kenwood) i haust, så det er berre moro når ein er komen så langt i prosessen. Det er så mykje snakk om matfag-lærarar på bloggane. Eg lærer kvar dag no som pensjonist, etter at eg i 10-15 år for det meste nytta ferdigmat/halvfabrikata som dobbeltarbeidande.
Er forresten ferdig med Fanakufta til minstejenta, i morgon blir det montering. Så følg med!

I går skada Øyvind (15) seg på fotballtrening, eit lite brot i eine stortåa. Det vart doktorbesøk i går kveld og røntgen m.v. på sj.h. i dag. For et par veker sidan tok Magnus ein finger i gymmen, same prosedyre då. Ja, det går både tid og pengar, men godt det ikkje er noko verre.

Hytteturar

Barnebarn med veteran-mopeden som blei kjøpt på Biri-marknaden for nokre år sidan.