tirsdag 30. juni 2009

Sommarnatt ved havet


Utsikt frå hytta.

Langhelg på hytta ved havet. Laurdag hadde vi 45 års bryllaupsdag, feira den stille og roleg med god mat og drikke. Sola gjekk i havet kl 23.35 - alltid eit vakkert syn. Vakker solnedgang i går kveld også - etter torevér, lyn og regn.

onsdag 24. juni 2009

Jonsokafta

Koseleg feiring ved naustet til svigerson Oddvar. Både gamle og unge var med, totalt 21 personar. Grilling, bål, fisking, leik og koseleg prat, vi var av dei siste som gjekk, heime att ved midnatt. Vakkert vér og vindstille ut på kvelden.

lørdag 20. juni 2009

Gratulerer Lappetausa!

Gratulerer veslesysta med dagen i går! Etter at eg byrja å scanne gamle bilder frå albuma til mor, er det blitt mykje mimring. Stor dag då vi fekk ei veslesyste (attepåklatt) i 1955. Vi var storesystrer og barnejenter på 8 og 10 år og storebror på 12 - til og med på pappa sin 37 års-dag! På bildet er du vel 2 - 3 år. Du har på deg strikkakjole og strikkajakke - kanskje tante Bergljot som hadde strikka?

mandag 15. juni 2009

Gratulerer med dagen Strikkemor!




I 1966 fekk vi ei søt lita tulle med lyst hår, store mørke auge og kløft i haka. Eit skikkeleg sjarmtroll - og det er ho framleis. No er ho sjølv mor til 4 gutar i alderen 5 - 21 år. Ho kom til verda før storesystra, LilleMø, var byrja å gå, så det var ei travel tid for mor og far. Det vart til at far tok seg av LilleMø og eg stelte Strikkemor, ei fin arbeidsdeling. Vi var heldige og hadde besteforeldre i nærleiken som kunne hjelpe til. Fadderar var onkel Rasmus og farmor Amanda.

søndag 14. juni 2009

"Grønn vinter"


Sjølv om det har vore kald nordavind, er det vakkert ute denne tida. I går tok vi oss ein snartur til Torheim og kjøpte nokre thuja hekkplantar hjå Aud og Jarle som driv plantesal i stor stil. Det er vel verd å ta turen, rimelege og kraftige plantar av alle slag. Dei har til og med vore på TV! Denne helga er LilleMø m/fam. i Oslo i barnedåp hjå Linn Kathrin og 75-års feiring Lidvard. Berre Kris og bikkja er heime. Bilda viser Gjegnen rett over fjorden frå Torheim og Torvikja rett over fjorden frå Sørland.

mandag 1. juni 2009

Pinsehelg på hytta

Utsikt mot innseilinga til Kalvåg og austover mot Frøysjøen frå verandaen til Alfhild og John.

Utsikt søraustover mot Smørhamn, Frøysjøen og Svelgen frå høgda over hyttefeltet.

Utsikt nordvestover frå høgda over hyttefeltet ved Gildreneset mot dei to bruene og Kalvåg.

Gode vermeldingar, så vi tok med oss Kristine og reiste på hytta, då foreldra hadde jobbehelg. Vi var innom Kalvåg på veg utover, der hadde eit tysk filmteam invadert heile staden for å spele inn sin versjon av "Himmelblå", visstnok. Vi møtte nokre kjende frå N.eid som har kjøpt seg ferieleil. i 3dje. etg. i Fossebygget der Jokerbutikken er. Koste oss på balkongen deira med ein kopp kaffi og nydeleg utsikt mot Frøysjøen. På hytta vart det høyslått, mopedkøyring, luftgeværskyting, tur i fjøra, steiking av pinnebrød m.v. Dagen etter var vi på tur bort og såg på hyttefeltet og vegbygging til hyttefeltet ved Gildreneset. Storslått natur. Strikkemor m/fam. kom ein tur i går og Kristine følgde dei inn att i går kveld. Vi reiste inn att i dag, då hadde veret snudd og det var kald nordavind og litt skodde.