søndag 14. juni 2009

"Grønn vinter"


Sjølv om det har vore kald nordavind, er det vakkert ute denne tida. I går tok vi oss ein snartur til Torheim og kjøpte nokre thuja hekkplantar hjå Aud og Jarle som driv plantesal i stor stil. Det er vel verd å ta turen, rimelege og kraftige plantar av alle slag. Dei har til og med vore på TV! Denne helga er LilleMø m/fam. i Oslo i barnedåp hjå Linn Kathrin og 75-års feiring Lidvard. Berre Kris og bikkja er heime. Bilda viser Gjegnen rett over fjorden frå Torheim og Torvikja rett over fjorden frå Sørland.

2 kommentarer:

Besta sa...

Vi har snakka om ein tur til Torheim;såg eit program på TV og då var det spesielt rhododendron det var lagt vekt på. Vi kjøpte nokre epletre der for mange år sidan, og eitt lever enno.Vi passar Ingeborg + dei to minste til Margrete i helga. Lars og Eirik er på tur austover, dei skal på AC/DC-konsert i Oslo i morgon, i dag er dei på Kongsberg.Margrete sit nedesylta i arbeid,har teke på seg å sensurere 190norskstilar i tillegg til det vanlege arbeidet. Godt det snart er ferie.

Elin sa...

Veldig spennande å sjå Stårheimsbygda frå hi sida. Ser vi nesten opp på hytta? Merkeleg...