mandag 31. oktober 2011

Bursdagsfeiring

Triveleg bursdagsfeiring for Svein i går med søndags-buffet på Nordfjord Hotell og kaffi/kaker heime i Alleen. Jubilanten si næraste familie var samla, 27 med smått og stort. Ei av gåvene var denne fotskammelen med inskripsjon: "på godfot med deg, stig opp på meg". Symbolsk den også?
Takk for alle gåvene, både på dagen den 25. og i går! Eldstejenta av barnebarna, Ingrid, heldt ei morsom tale på vegne av dei 11 barnebarna (7-23 år), noko Besten sette stor pris på.

torsdag 27. oktober 2011

Bursdagar i oktober

I kveld feira vi Bjørnar sin 16 årsdag. Koseleg som alltid på Os. Svein feira 70 årsdagen sin den 25., og vi gleder oss over at Rasmus fekk feire sin 68-årsdag den 26. Bildet viser ein vakker presang Svein fekk til sin dag. Litt symbolsk.

mandag 3. oktober 2011

Ny båtkalesje



Vi skulle ha fått ny kalesje på båten vår for lenge sidan, men det har vore vanskeleg å få firmaet i Måløy (http://www.maloy-industrisom.no/batkalesjer) til å ta oppdraget utan at vi frakta båten ut i flyte-hallen deira, noko vi kvidde oss på. I år lukkast det endeleg å få ein mann til å kome og ta mål inne i båthamna vår, han hadde visst andre oppdrag der også. Mens vi venta på den nye kalesja, hadde Svein festa ei gamal kalesje provisorisk for å halde ute regnet. I går hadde vi oss ein søndagstur nedom båthamna for å sjekke om det var lekasje, og då fekk vi den overaskinga. Kalesja var montert og alt såg bra ut! Flott service og fint arbeid, så no er det berre å vente på rekninga i posten, det blir nok dyrt. Eg har sagt at det får vere 70-års-presangen frå meg. Svein er ingen storfiskar, men han set pris på å ta seg ein tur på sjøen av og til og det blir som oftast ei "koke" eller to når han tek turen. Vi har det trygt, lettvint og fint i småbåthamna, med 2 flytebryggjer og 3 naustrekkjer innafor moloen. Det var eit storarbeid då dei mudra ut for flytebryggja sør for dampskipskaia og vest for meieriet og VS. No er det blitt eit attraktivt fritidsområde ved Os-elva og badestranda utanfor moloen.