fredag 24. juni 2016

JONSOK 2016


Det vart jonsokfeiring i år også, trass i litt bygevêr utpå kvelden.  Oddvar stiller trufast opp kvart år og lagar til bål i Osvika og opnar naustet slik at vi kan sitje under tak viss det kjem ei byge.  I år kom mange av dei som bur på nedre Os, så det var ein heil flokk med folk frå 0 - 88 år,  ungar som kosa seg i fjæra og bikkjer i band. Minner  meg litt om korleis vi hadde det i Torvika før i tida når folk kom frå Myrold og Hafsås og brende bål i lag med oss i strandkanten.

onsdag 15. juni 2016

Gratulerer Hilde Bjørg med 50 års-dagen!


Eit historisk foto frå dåpsdagen til Hilde 3. juli 1966.  Ho var berre 18 dagar gammal, men kvikk og vaken i blikket.  Onkel Rasmus og farmor Amanda var fadder.