søndag 22. november 2015

Første snøfallet 20. nov.



Tre dagar med snø, lyst og triveleg.  I tillegg har kommunen ordna med reparasjon av gatelyset ved huset vårt og krysset til Boaltmarka/postkassene.  Dette har vore ustabilt i fleire år og vi har klaga på det fleire gonger.  Kommunen har no lagt inn eit nytt valg for innbyggjarane i kommunen: https://eid.kommune.no/ny-innbyggjarmeldingsteneste-i-eid-kommune.17575.aspx.
Då problemet vart meldt til denne linken, ordna det seg.
Eg har vore "fråværande" på bloggen i fleire mnd., men det betyr ikkje at det ikkje har vore stor aktivitet i familien.
Svein har jobba mykje i garasjen med restaurering av veteranbilen, Standard 1939 mod., og har håp om å få den ferdig i løpet av neste år.  Svein køyrde i Nordfjordløpet 2015 for veterankøyretøy med Vauxhallen som er over 50 år no. Turen gjekk langs Panoramavegen. Kari B og eg var hjelparar i mål i Malakoff.  Avslutning med grilling og premieutdeling i Jektehola på Plassen/Malakoff.




Svein og Stein Inge køyrde også Vauxhallen til veterantreff på Halsør i Vågsøy, så denne sommaren har den gamle "travaren" fått prøvd seg på litt lengre turar.


Vi har ikkje vore på langtur i år, men hatt fleire fine dagsturar, bl. a. køyrde vi gamle Strynefjellsvegen i vakkert vêr.


Eg fekk med meg "Maskeballet" av Verdi  i Opera Nordfjord, litt for tungt for meg, ikkje kjend musikk, men vakker korsong med nordfjordingar i koret.  Flotte kostymer og kulisser som var utlånt frå Den norske Operaen.
Eidamessa var avvikla i september og Ingrid var heime og hjalp til i skobutikken.
Vi har hatt nokre turar til hytta, der det no er montert felås i vegen aust for Ånnevika, slik at vi slepp dei store slaktebeista, som har fått gått fritt i vegen ut til Nesje siste tre åra. Sauene er ein del av naturlandskapet der ute, og dei har vi hatt rundt oss dei 21 åra vi har hatt hytta.
Pensjonistlaget markerte Eldredagen 1. oktober.   Ein kjekk dag med vandring på den nye vegen langs Os-elva og omvisning/informasjon, kaffi og kaker i det nye LA-bygget på Langeland.
Svein feira ein roleg 74 årsdag den 25. okt.  Fleire av barnebarna er no vekke på utdanning, så vi er ikkje så mange som før når vi feirar bursdagar i familien.
Eg var på "The Sound of Music" i Operaen i okt., veldig bra med mange lokale aktørar.
Pensjonistlaget var med og arrangerte Bokkafê på Kringla/Frivilligsentralen den 13. nov., der alle dei lokale sogebøkene for 2015 m.m. for Nordfjord vart presenterte.
I dag har Pensjonistlaget og Folkeakademiet vore arrangør for Oddgeir Bruaset sitt kåseri "Jul - der ingen skulle tru at nokon kunne bu", full sal i Kyrkjetunet.
Til helga skal Pensjonistlaget og Seniornett på julebord på Raftevold Hotel i Hornindal.
Etter det roar det seg vel litt - men då må vi vel byrje å tenkje på juleførebuinga.  Vi gled oss til at alle dei elleve borneborna kan samlast igjen etter ein travel haust med eksamenar, jobb, m.m.