onsdag 27. januar 2010

Gode minner!

Dette bildet er tatt i des. 1998. Då hadde mor lefse-bake-kurs i Alleen for barn og barnebarn. LilleMø, Eidabesta, Strikkemor og mormor er med på bildet, fotograf er Lappetausa.
Det ser ut til at vi har det kjekt. Strikkemor hadde familiebarnehage i 1. etg i Alleen i 7 år fram til år 2000. Vi har ofte snakka om at vi skulle tatt opp att tradisjonen med ein felles lefsebakedag før jul.

onsdag 13. januar 2010

Astrid Petra

Astrid som ung. Fotograf Kleppenes på Nordfjordeid

Astrid, 89 år gamal. Fotograf Astrid Karin i bryllaupet til Anna Pernille i Torvika, påska 2009.

I går, den 12.01.2010, var gravferdsdagen til mor. Ho døde torsdag den 07. på Eid Eldretun.
Mor var fødd 22. jan. 1920 på Slettebøen i Remmedalen.
Ho og far flytta inn på eldretunet den 8. jan. 2005. Far døde den 3. juli i 2007, dei hadde då vore gift i 64 år. Vi hadde eit hyggjeleg samvær etter gravferda på Eid Kyrkjetun med slekt, venner og naboar. Mange gode minner etter mor.

fredag 1. januar 2010

Gratulerer Magnus og Godt Nytt År!

Vårvinne på hytta for nokre år sidan:

I dag har nyttårsbarnet i familien for 15 år sidan, Magnus, bursdag. Feiring i går kveld og i dag i Kvh.v. I mai skal han, Bjørnar og Helene, som vi også er besteforeldre til feire konfirmasjon.
Vi ønskjer alle som ser innom bloggen vår eit godt nytt år!