onsdag 13. januar 2010

Astrid Petra

Astrid som ung. Fotograf Kleppenes på Nordfjordeid

Astrid, 89 år gamal. Fotograf Astrid Karin i bryllaupet til Anna Pernille i Torvika, påska 2009.

I går, den 12.01.2010, var gravferdsdagen til mor. Ho døde torsdag den 07. på Eid Eldretun.
Mor var fødd 22. jan. 1920 på Slettebøen i Remmedalen.
Ho og far flytta inn på eldretunet den 8. jan. 2005. Far døde den 3. juli i 2007, dei hadde då vore gift i 64 år. Vi hadde eit hyggjeleg samvær etter gravferda på Eid Kyrkjetun med slekt, venner og naboar. Mange gode minner etter mor.

4 kommentarer:

Besta sa...

Fine bilde av Astrid både som ung og gammal.Vi har også mange gode minne om henne, vi har jo kjent henne i meir enn 40 år.I går kom eg til å tenkje på den glovarme sommardagen de var her på besøk. Meiner at Bella også var med?

ariel sa...

Nydelege bilete!

Hildegard sa...

Kan du huske årstalet?
Det var mange kjekke turar til dykk i lag med farmor Amanda og diverse slektningar som vart inviterte med.
Mykje strev med matlaging og oppvask for deg, ikkje så lettvint då som no.
Eidabesta

Besta sa...

Nei, eg hugsar ikkje årstalet, men det må ha vore tidleg på åttitalet.Eg trur ikkje eg har slite meg ut på selskapeligheit,men eg var litt meir "gjestfri" før enn no. No likar eg best at folk kjem på eige initiativ, så får dei ta det som vi har det.