onsdag 27. januar 2010

Gode minner!

Dette bildet er tatt i des. 1998. Då hadde mor lefse-bake-kurs i Alleen for barn og barnebarn. LilleMø, Eidabesta, Strikkemor og mormor er med på bildet, fotograf er Lappetausa.
Det ser ut til at vi har det kjekt. Strikkemor hadde familiebarnehage i 1. etg i Alleen i 7 år fram til år 2000. Vi har ofte snakka om at vi skulle tatt opp att tradisjonen med ein felles lefsebakedag før jul.

4 kommentarer:

Besta sa...

Dette såg kjekt ut! Eg har aldri baka lefser, vi har ingen tradisjon for det i familien, men Solveig har lært seg. Det er ikkje kjekt å bake lefser åleine, i alle fall.
Kjekt at ein har bilde frå slike fine stunder.

ariel sa...

Naboen min har hatt ein tradisjon med småkakebakst før jul, der tre - fire generasjonar har vore samla. Det ser og høyrest veldig kjekt ut med lsike tradisjonar før jul!

solveig sa...

Hm, det skal ikkje stå på meg! Vi har ikkje ete opp dei eg bakte saman med KFUK-damene til jul enno. Dei får eg hugse på til helga.
Her i huset vil alle ete lefser, men ingen vil hjelpe til.....
Eg får ulyste meg ei veke i november kvart år når eg bakar saman med 9.klassingane og besteforeldra deira. Det er eit viktig bidrag for å føre tradisjonane vidare.

Lappetausa sa...

Eg hugsar veldig godt den dagen. Veldig kjekt å sjå att biletet! Bakedag bør vurderast, problemet er vel å begrense antal deltakarar utan at nokon føler seg sett utanfor, meg for eksempel...