mandag 1. februar 2010

Snø og kulde

Det vart litt av ein snø- og kuldevinter her i år. No er vi inne i andre kuldeperioden, godt å ha mykje ved og varmepumpe. Smale vegar og vanskeleg å parkere i Alleen. Snøen ligg tungt på greinene og 1. etg. postkasser er nedsnøa. Viktor har laga djupe spor i snøen ute i hagen og sola skin på Skårhaugnakken. Vi må nok vente nesten 3 veker på sola her, men trass i kulden er det kjekt med stabilt ver.

2 kommentarer:

Besta sa...

Fint bilde. Smart med bratte tak når det er mykje snø. No har vi sola ganske lenge - berre ho er framme, og då varmar ho godt inne.I dag har vi ikkje sol, og det er heller ikkje så kaldt. Trur vi har meir snø enn dokke- og flatare tak.
Nils har mykje arbeid med snøen, men det er fint å vere ute.

arieldog sa...

Det verkar mykje kaldare når ein ikkje har sol, men ser at ho skin andre stader...