torsdag 30. juli 2015

Juli månad i regn og kulde



Denne våren og sommaren har det vore mest komfortabelt å vere under tak, så hagestova har vore redninga vår.  Plantane har lika seg best under tak, så det er første året eg ikkje har planta i verandakassene.  Vi har for det meste halde oss heime, satsar på ein biltur over fjellet når fellesferien er over og skulane startar igjen.


Eg er nett ferdig å lese/lytte til "Slåttekar i himmelen" av Edvard Hoem, lese av forfattaren.  Ei historisk roman der forfattaren har bygt historia kring sine eigne forfedre som emigrerte til Dakota.
Fekk litt tankar og påfyll om korleis dei 7 syskjena til oldefaren min, Rasmus R. Torvik, hadde det då dei utvandra til USA frå 1880-talet.  4 gutar og 3 jenter i ung alder, seks av dei stifta familie der borte i Minnesota-området.