mandag 17. juli 2017

Juli 2017


15. juli gifta barnebarnet vårt Ingrid Strøm Bergset seg med Trygve Leite i Eid Kyrkje.  Fin og høgtideleg stund i kyrkja:






Bryllaupsfeiring på JUV gard ved Utvik:





Juni 2017

Helgatur på hytta i vakkert juniver og sol i havet. 



Perlebryllaup for Hilde og Oddvar:
Kopiert frå Hilde si FB-side:
Journalist Kristi Marie Skrede måtte no begynne ein plass ho og😁. 27. juni 1987. 
I hagen til Raftevold hotell, Hornindal. 
Årets brudepar i Fjordabladet den sommaren.

Hilde Strøm Os sitt bilete.


Veggen er klar for bordkledning:


Mai 2017

"Mai du milde", men sein vår i år.

Restaurering av vestveggen på huset vårt starta i mai. Laurdagsjobbing på Hans med riving av snart 100 år gammal bordkledning, reparering rote treverk og utskifting av snart 50 år gamal isolasjon frå då Svein pussa opp innvendig.





søndag 16. juli 2017

April 2017

Laurdag 1.  april:
Opning av det nye omsorgssenteret i Eid, "Hogatunet":


09.04 Palmesøndag
Tur til "Utsikten" vest for Vårsetra.  Køyrde opp i Hogaåsen og opp til parkeringa ved renseanlegget.





Måndag 10.04 (påskeveka):  
I dag har Viktor forlatt oss snart 13 år gammal.  Han har hatt mange plager siste par åra, så no var det godt han fekk sleppe.  Her er han i lag med matmor Audny i sine betre dagar.


Torsdag 13.04:     Skjærtorsdag
Biltur Åheim - til Nordal i Syvde og Dalsfjorden, 3-4 timar i bil, men ein kjekk tur.  No har eg fått eit inntrykk av dalen der oldefar Laurits Nordal (Bakken) vaks opp, men veit ikkje sikkert kva gard han kom frå.  Dette må vi forske vidare på.






fredag 17. mars 2017

Utsikt frå Hogaåsen søndag 14. mars 2017



Hogaåsen er det nye boligbyggefeltet i Nordfjordeid.  Det ligg aust om Myklebuståsen, og der er tilkomst med bil heilt opp til Vårsetra på nordsida av Eidsdalen.  Byggefeltet er klargjort for 39 bustadtomter og eit flott leike-/fritids-område.  Lett tilkomst til skog og fjell, eks. Fossane.  Nedst i venstre hjørne ligg Fjordhestsenteret.  Nybygget midt på bildet er det nye Omsorgssenteret i Eid kommune som er klart for innflytting 3. april 2017.  Stor byggeaktivitet i sentrum også, med AMFI og stor bustadblokk i sjøkanten vest for amfiet.

fredag 13. januar 2017

Tjuande dag Jul



I dag er det Tjuande dag Jul - og då er det på tide at nisseparet i hagestova tek med seg juletreet sitt og flytter på loftet igjen.  Det har vore ei våt og mørk juletid, så det har vore kjekt å ha ei lyslenke og nisseparet under tak i hagestova. Det går vel endå eit par mnd. før Besten og Dab-radioen flytter frå kjellaren og ut dit.  Godt Nytt År!