onsdag 15. juni 2016

Gratulerer Hilde Bjørg med 50 års-dagen!


Eit historisk foto frå dåpsdagen til Hilde 3. juli 1966.  Ho var berre 18 dagar gammal, men kvikk og vaken i blikket.  Onkel Rasmus og farmor Amanda var fadder.

2 kommentarer:

Besta sa...

Det var eit koseleg bilde. Hugsar godt dagen då Hilde vart fødd. Mamma var hos oss på Melle og fekk eit kort frå Svein. Tenk for ei utvikling. No hadde ein fått vite det på sekundet, nesten. Men mamma ville reise heim att så snart ho fekk vite om det. Hugsar ikkje dåpsdagen, og at ho vart døypt berre 18 dagar gammal. Margrete vart døypt då ho var tre veker, trudde nesten det var rekord. Når eg ser slike bilde, får eg lyst å skru tida tilbake. No får eg gjere som bestemor Hilda; gratulere heile familien med dagen!

STRIKKEMOR(O) sa...

Koseleg bilde dette!