mandag 3. oktober 2011

Ny båtkalesje



Vi skulle ha fått ny kalesje på båten vår for lenge sidan, men det har vore vanskeleg å få firmaet i Måløy (http://www.maloy-industrisom.no/batkalesjer) til å ta oppdraget utan at vi frakta båten ut i flyte-hallen deira, noko vi kvidde oss på. I år lukkast det endeleg å få ein mann til å kome og ta mål inne i båthamna vår, han hadde visst andre oppdrag der også. Mens vi venta på den nye kalesja, hadde Svein festa ei gamal kalesje provisorisk for å halde ute regnet. I går hadde vi oss ein søndagstur nedom båthamna for å sjekke om det var lekasje, og då fekk vi den overaskinga. Kalesja var montert og alt såg bra ut! Flott service og fint arbeid, så no er det berre å vente på rekninga i posten, det blir nok dyrt. Eg har sagt at det får vere 70-års-presangen frå meg. Svein er ingen storfiskar, men han set pris på å ta seg ein tur på sjøen av og til og det blir som oftast ei "koke" eller to når han tek turen. Vi har det trygt, lettvint og fint i småbåthamna, med 2 flytebryggjer og 3 naustrekkjer innafor moloen. Det var eit storarbeid då dei mudra ut for flytebryggja sør for dampskipskaia og vest for meieriet og VS. No er det blitt eit attraktivt fritidsområde ved Os-elva og badestranda utanfor moloen.

1 kommentar:

Besta sa...

Gratulerer med oppussa båt. Får håpe det blir fine dagar langt utover hausten. Eg hugsar godt korleis det var fød dei mudra ut dette området, då var der omtrent tomt for vatn på fjære sjø, mer herlig varmt å bade på floa.