mandag 31. oktober 2011

Bursdagsfeiring

Triveleg bursdagsfeiring for Svein i går med søndags-buffet på Nordfjord Hotell og kaffi/kaker heime i Alleen. Jubilanten si næraste familie var samla, 27 med smått og stort. Ei av gåvene var denne fotskammelen med inskripsjon: "på godfot med deg, stig opp på meg". Symbolsk den også?
Takk for alle gåvene, både på dagen den 25. og i går! Eldstejenta av barnebarna, Ingrid, heldt ei morsom tale på vegne av dei 11 barnebarna (7-23 år), noko Besten sette stor pris på.

1 kommentar:

Elin sa...

Godt at feiringa var så vellukka, men synd vi ikkje fekk delta denne gongen.