mandag 15. juni 2009

Gratulerer med dagen Strikkemor!




I 1966 fekk vi ei søt lita tulle med lyst hår, store mørke auge og kløft i haka. Eit skikkeleg sjarmtroll - og det er ho framleis. No er ho sjølv mor til 4 gutar i alderen 5 - 21 år. Ho kom til verda før storesystra, LilleMø, var byrja å gå, så det var ei travel tid for mor og far. Det vart til at far tok seg av LilleMø og eg stelte Strikkemor, ei fin arbeidsdeling. Vi var heldige og hadde besteforeldre i nærleiken som kunne hjelpe til. Fadderar var onkel Rasmus og farmor Amanda.

2 kommentarer:

Besta sa...

Kor koselig det var å sjå att desse bilda! Eg kan så godt hugse korleis det var denne tida då vi hadde så mange småbarn i familien.Dei seks barnebarna til mamma var fødde i løpet av seks år.Det er mange minne som kjem fram når ein ser desse bilda.
Gratulerer med dagen i dag!

Lappetausa sa...

Desse bileta hugsar eg godt! Gratulerer så mykje, og lukke til med feiringa!