torsdag 21. februar 2008

Strikkeprosjekt II

Dette er også eit prosjekt som Strikkemor sette meg i gang med. Vi kjøpte lys brun Mandarin Petit egyptisk bomull til "Jakke med hullmønster" på Mega for fleire år sidan. Byrja å strikke då eg vart pensjonist for 2 år sidan og var ferdig sist haust. Eg var mektig lei heile prosjektet, miste etter kvart trua på at ho ville passar til meg. Kanskje ho vil vere fin på ei høg og stilig dame - så det blir nok Strikkemor eller Lappetausa som kan få henne til sommarjakke? Bør nok ha ein mørk eller lys topp i den - eller ein bikinioverdel!
No blir det nok berre lester, vottar og huer ei tid framover. Fekk forresten litt lyst å hekle eller strikke eit lappeteppe. Mormor Bella strikka mange slike. Ho vart 92 år og var nesten blind siste åra. Då sat ho og strikka lappetepper som framleis er i bruk i familien.

4 kommentarer:

Besta sa...

Kjempefin sommarjakke. Synest godt du kan bruke den sjølv !
Eg er heilt umulig! Har to jakker som eg strikka til meg sjølv; den eine har lagt umontert i 9 år.Den andre manglar berre knappar......
Likar best å strikke til andre!

Astrid Karin sa...

Koseleg blogg ;-)

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Høg og stilig dame, hmmm, kjenner vi nokon slike? Kjekt å sjå at det er liv i bloggen, og at du får produsert litt. Eg tykkjer absolutt du skal strikke lappetepper.

strikkenor sa...

Denne jakka var fin,-lys og lett .Ellers er her mykje fint på bloggen din:)