torsdag 2. februar 2012

Juvikfolket



Vinters tid er det fint å ha ei lydbok å lytte til. Den seinare tid er det meste krim-bøker det har gått i, men litt variasjon er nok bra, så no eg er nett ferdig med Linn Ullmann si siste bok "Det dyrebare", ei litt spesiell, men interessant bok. No har eg lyst å prøve meg på dei gamle klassikarane som eg las i gymnastida. Det vart Duun og Juvikfolket, så no har eg underhaldning lenge.

5 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt med lydbøker og ev.strikketøy. Linn Ullmanns bok har eg nyss lese. Bøkene om Juvikfolket las eg som lydbøker for nokre år sidan. Ein fordel å lese på øyret i staden for på papir, sidan der er så mykje dialekt. Duun er ikkje min favoritt. Trur ikkje at eg var moden for den litteraturen vi blei presentert for på gymnas, var berre 16 år.

Elin sa...

Gled deg til denne lesaropplevinga. Duun er ein av mine favorittar, men einig med Olaug at på gymnaset var ein ikkje modne for alt ein måtte lese. Eg las heile Juvikfolket for nokre år sidan i papirutgåve, etter at eg hadde høyrt Espen Skjønberg si opplesing i radio.

arieldog sa...

Denne serien har eg òg lyst til å lese igjen! Dei gamle klassikarane er ofte gode, og dagens gymnasiastar burde ha kasta seg over dei med entusiasme. Det gjer dei sjølvsagt ikkje. I andre land er det langt meir vanleg å lese klassisk litteratur på skulen enn det er i Noreg no.

Besta sa...

Eg minnest med gru både Duun og Garborg- var ikkje moden for dei.
Var ein av dei to yngste i klassa også.Eg synest framleis det er mest spennande å lese nye aktuelle bøker.

Hildegard sa...

Vi hadde Magnhild Gjerde som vikarlærar i norsk, ho var så interessert sjølv i faget, at ho var ein stor inspirasjon. Audny hadde henne som lærar alle åra i barneskulen.