mandag 24. september 2012

Tur til Ørsta via Kviven

Vakkert parkanlegg ved parkeringsplassen til Amfi i Ørsta. Innsegling til småbåthamna ved støtta til venstre.


Trangt om plassen i båthamna, ikkje akkurat småbåtar. Mange flotte seglbåtar, så det må vere nokre millionærar i distriktet.


I dag tok vi turen langs Hornindalsvatnet til Grodås og vidare gjennom Kviven til Volda/Ørsta. Fin veg og flotte tunellar, men vi var skuffa over kor mykje som står igjen før vegprosjektet er ferdig i okt. 2013. Stor festivitas og åpning av vegen sist helg. Vi var innom diverse butikkar i Ørsta før vi tok turen opp i Starevegen til Olaug og Nils. Dei varta opp med kaffi og kaker, og vi hadde ein hyggjeleg prat før vi tok Voldaferja heim att. Det var fint med ein køyretur over Stigedalen også i det fine haustveret.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Stigedalen er framleis det raskaste alternativet mellom Volda og Eid, i alle fall når ferja har nok avgangar.

Besta sa...

Ja, det er sant. Og vi kjem nok til å bruke den vegen. Fint over stigedalen og ingen tunnelar.