mandag 14. mai 2012

Mai og konfirmasjonstid



Konfirmanten Eirik 6. mai 2012


Konfirmanten Olaug 12. mai 2012


Svein er grandonkel til begge konfirmantane som er syskjenborn og bur på Møre. Eirik feira dåpsdagen sin den 1. april 2012, og vi fekk vere med å feire denne dagen i lag med mange gjestar. Konfirmasjonsdagen hans, den 6. mai, vart feira i enklare former med dei næraste i familien.
Laurdag feira vi konfirmasjonsdagen til Olaug. Dette vart også ein kjekk dag med god mat og triveleg prat. Tusen takk for at vi har fått vere med på festane og fått møte storfamilien nordom grensa.
Bilda av konfirmantane har eg lånt frå bloggen til Besta i Ørsta.

Solveig tipsa Svein om traktorsamlinga hos ein bonde i nabolaget, så då vi reiste heim att gjorde vi ein stopp og såg på herlegheita.
Veret vart betre utover dagen og kvelden, så det vart til at vi tok turen vestover og køyrde over Åheim på heimvegen. Det er lenge sidan vi har køyrt denne vegen og det er vakkert ved kysten om våren.

Veteran  traktorsamling ved hønsehus på Hareid


2 kommentarer:

Margrete Trovåg sa...

Den traktorsamlinga var artig. Takk for laget i begge selskapa, det var kjekt at de kom!

solveig sa...

Eg tenkte traktorsamlinga ville falle i smak. Eg synest det er flott at folk samlar - og viser fram.