tirsdag 29. juli 2008

Rockefri helg




Fine dagar på hytta, frå fredag til måndag. Bilturen på sørsida av Nordfjorden er ei oppleving i seg sjølv. Til dels smale vegar, lite trafikk, koseleg å køyre med liten fart og nyte naturen.
På utover hadde vi ein stopp i Rugsund og fotograferte Hornelen mot vest. Fin båthavn som vart bygd i samband med bru, tunnellar over og under havet og ny veg (Bremangersambandet, som ikkje er heilt ferdig endå til Svelgen). Stein har lenge hatt lyst å gå opp på denne sjøklippa, og i går hadde han tatt turen. Ei oppleving, god sikt med utsyn i alle retningar. Neste utfordring blir visst Gallhøgpiggen - men då i jobbsamanheng seinare på sommaren. Rockehelga her heime hadde vore vellukka med stor publikum-tilstrøyming og perfekt ver.

3 kommentarer:

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Nydelege bilete! Stein bør begynne å blogge...

Hildegard sa...

Han hadde dessverre ikkje med seg fotoapparat, men tok nokre bilder med mobilen - ikkje så bra, sjølvsagt.
Storesysta

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine bilder frå turen i helga! Du kan kome og hente manillahyllene når det måtte passe....