tirsdag 15. juli 2008

Sommarjobb

Magnus byrja denne veka - inni mellom bygene - å skrape vestveggen på huset og klargjere for måling. Vi ser på yr.no kor tid det er arbeidsver. Han har fått låne ein kjeledress av Besten i str. 56 frå Liaaen si tid. Lengda passar, men han er litt "slånkjen" i den endå! Ja gutane veks oss over hovudet. Den gamle bordkledninga skal få ein sjanse til, Besten tykkjer ho er for god å skifte endå. Målet med sommarjobben er å tene pengar til bærbar PC.

4 kommentarer:

solveig sa...

Vi har også tilsett målar. Her gjeld det lommepengar til Norway Cup.
Han som skal på Skaw cup, skal vaske treveggene på stova.
Eg har avisa ein frysar i dag og vaska litt skåp.
Det er nok å gjere i det elendige veret, sånn sett.

Besta sa...

Godt å ha mange store, sterke karar som kan tre til og gjere ein jobb når ein sjølve ikkje er på topp lenger.Og PC-ar kostar pengar, så då er motivasjonen der. Vi kjem til å reise austover ein av første dagane.

Hildegard sa...

Lurt å reise no når veret er dårleg her. God tur. Eidabesta

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Flink gut! Møtte broren på Byrkjelo i går, på veg til Metallica-konsert.