tirsdag 22. juli 2008

Hagearbeid

Las i Fjordabladet at Mattilsynet har bestemt at hageeigarane må fjerne hekkplanten bulkemispel/pilemispel i aksjon mot pærebrann i Nordfjord. Vi har hatt ein slik busk som har vakse seg høg og stor gjennom mange år, som skjerming mot naboen. Både roser og plommetre like ved har vore litt pjuskete, pærer og epler har heller ikkje vore av særleg kvalitet. Vi har ikkje vore klar over at denne busken kan vere årsaka - men no er den fjerna! Litt bålved til Os-vika vart det også. Besten, Magnus og eg hadde ein heil jobb med dette i går føremiddag.

2 kommentarer:

Elin sa...

Det er no imponerande å vite namna på alle desse buskene, då! Betre ut/inn-syn mot naboar i sør no då..

Besta sa...

Slikt arbeid likte eg godt før! har blitt lite siste åra.Vi har også kompostkvern slik at vi kan male opp lauv og kvistar. Trea vert fort til ingen ting på den måten. Sikkrt ikkje så kjekt å fjerne akkurat den buska, men viss andre ting trivst betre, er det vel verdt det.