søndag 29. august 2010

Søndagstur



I dag hadde vi oss ein fin tur til ytre Njf. Hadde kaffipause på rasteplassen nord for Flatraket. Nydeleg utsikt ut i havet mot Skongenes fyr, Silda og Stadlandet. Selje ligg gøymd inne i bukta til høgre. I sør såg vi Flatraket og garden Gangeskar, like før tunnellen til Sørpoll og Almenningsfjellet. Siste bildet er av denne garden, der Svein trur at ein av forfedrene hans på morssida, Isak Larsson Gangeschaar, kom frå. Han var jektestyrmann og gifta seg i 1827 med Mari Jacobsdatter frå Nedre Røberg på Blakset i Innvik kommune, og busette seg der. Sonen, Mattis Isaksson busette seg på Skåden i Innvik.

2 kommentarer:

Besta sa...

Fint med bilturar i slikt ver! Og kjekt å sjå seg om i nærområda.Og så var det vel ekstra kjekt å prøve nyebilen. Har den automatgir. Rasmus er så begeistra for det. Den gamle Mondeoen hans har automatgir. Elles er der no mange finessar på nye bilar som eg ikkje er heilt sikker på om ein treng.Du må no legge bilen inn på bloggen!!!!!

ariel sa...

Takk for turtips :)