fredag 20. juni 2008

Gratulerer Margrete!

"Endeleg over førti", heiter det - og eg føler at det er noko sant i dette - utan at eg skal gå i detaljar! Besta oppfordrar oss til å leite fram gamle familiebilder, eg tykte dette bildet karakteriserer litt av tida på 60/70-talet - de seks var nok meir enn "vanlege" syskjenborn. Amanda knytte dykk saman med besøk og brev og vi hadde det triveleg i lag. Ei lita familie vart på få år ein god del større, og ho sette stor pris på å få så mange barnebarn. Ja, dette var no berre litt mimring, vi får ta det igjen seinare. Kos deg på dagen! Helsing frå oss to på Hildegard

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg hugsar at det var vanskelig å få samla alle seks på eitt bilde, det var alltid ein eller annan som det ikkje passa for. Dette bildet er teke mens vi budde på Engeset. At alle seks er med, kjem av at Margrete fekk lov å ha på seg ein kjole som broren hadde vunne på basar, og Stein fekk ha den vesle hua på seg.

Hildegard sa...

Ja, du har sikkert eit poeng der. Eg har leita litt og hadde problem med å finne eit bilde der alle var med. Eidabesta

solveig sa...

Eg hugsar godt at Margrete hadde basarkjolen som betingelse. Hadde Stein Inge ei trebøsse som han gjekk rundt med? Møsse og bøsse som Emil?

arieldog sa...

Takk for helsing! Eg har ofte tenkt på kor mange vi har blitt etter Amanda og Storm. Det hadde dei nok aldri tenkt seg.