torsdag 19. juni 2008

Gratulerer Elin!

Eg vil gratulere lisjesysta mi med dagen! Ho og far hadde bursdag på same dag - hugsar at det var eit storhende - eg var då 10 år. Han hadde blitt 90 år i dag. Familiebildet er frå 1961 i anledning av at storebror skulle reise til USA for å besøkje slekt og vere borte heile sommaren. Det vart med andre ord ein travel sommar for oss som var heime og skulle hjelpe til i slåtten.

3 kommentarer:

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Takk for det! Etter kvart som eg er blitt eldre, er gjebusane mine blitt meir og meir hektisk. Lettare før når ein tok skuleferie ei veke tidlegare.

Besta sa...

Det er både vemodig og fint å sjå slike gamle bilde.De er heldige som har eit så fint familiefoto.Familien din har på ein måte også vore ein del av vår familie heilt sidan du og Svein kom i lag.Og vi har mange fine minne om besøk både i Torvika og på Smia.Hels til Astrid!

Astrid Karin sa...

Hei, tante! Fint bilde dette. Ellers kjekt å sjå bilder av Besta og buketten! Pappa viste meg det på mail frå deg. Ho ser utruleg godt ut òg :-)
Klem AK